Ingeniør- og maritime fag

Morgondagens utfordringar treng nye og berekraftige løysingar. Som ingeniør kan du utvikle nye teknologiske løysingar og produkt for framtida. Ei maritim utdanning gir deg ei karriere på sjøen eller i den landbaserte delen av den maritime verksemda.

På HVL får du studere i eit aktivt ingeniørfagleg og maritimt miljø, og lære av dyktige og engasjerte lærarar og forskarar!

Du kan studere mange forskjellige ingeniør- og maritime fag hos oss. 

Forkurs og y-veg

Vil du ta ingeniørutdanning, men dekkjer ikkje opptakskravet? Med forkurs kan du kvalifisere deg likevel. Har du yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev? Då kan du ta ingeniørutdanning gjennom y-vegen.

Bachelor

Ein bachelor er ei treårig utdanning. Når du er ferdig med tre år som fulltidsstudent får du ei bachelorgrad.

Master

Ein mastergrad er ei toårig påbygging på bachelorgraden.

Vidare utdanning - livslang læring

Vi har mange kurs og utdanningar som kan passe for deg som ønsker fagleg fordyping kombinert med jobb. Sjå våre tilbod til vidareutdanning innan ingeniørfag og maritime fag.

Ph.d.

Ph.d.-studiet er ei treårig forskarutdanning for deg som ønskjer å kvalifisere deg for vitskapleg arbeid og forsking på høgt internasjonalt nivå.