Bli ingeniør i Sogn og Fjordane

Har du lyst til å bli ingeniør? Det har aldri vore enklare å bli ingeniør i Sogn og Fjordane.

Som ingeniør er du med og lagar nye teknologiske løysingar, og utviklar produkt for framtida. På HVL får du studere i eit aktivt ingeniørfagleg miljø, og lære av dyktige og engasjerte lærarar og forskarar!

Forkurs

Har du lyst til å bli ingeniør, men manglar generell studiekompetanse og fordjuping i matematikk og fysikk? Dersom du har relevant fagbrev kan du ta ingeniørutdanning gjennom y-vegen.

Studiestader

I Sogn og Fjordane kan du studere ingeniørfag i Florø og i Førde.

I Førde blir du del av eit aktivt og inkluderande studentmiljø med 700 ingeniør- og sjukepleiestudentar. I Florø får du studere i nye undervisningslokale og bli ein del av eit studiemiljø i tett kobling med lokalt næringsliv.