Innovasjon og studentbedrift 1

Ønskjer du å lære om kreativitet og innovasjon? Vil du bli ein framtidig arbeidstakar som kan vere med å utvikle institusjonen eller bedrifta der du jobbar? Kanskje du går med tankar om å starte di eiga bedrift? Vil du utvikle dine kreative og nyskapande evner? Kanskje du skal bli pedagog og ønskjer meir praktisk kompetanse på at innovasjon og entreprenørskap er sentralt i dei nye læreplanane?

Då kan dette studiet vere noko for deg. Innovatørar trengs overalt! 

Innovasjon og nyskaping er viktig innan alle fagfelt. Den kompetansen som du tileignar deg via dette studiet vil komme deg til nytte som arbeidstakar både i offentleg og privat sektor. Du vil få ei innføring i innovasjon, kreativitet og nyskaping/nytenking. I tillegg vil du få erfaring med å etablere, drive og avvikle eiga studentbedrift.

Opplæring i forretningsmodell, økonomi (budsjett/rekneskap/økonomistyring) og marknadsføring inngår som ein del av studiet. Kreative prosessar som skal føre fram til ein forretningsidè vil vere eit sentralt tema. I tillegg vil du få innføring i ein del teori knytt til entreprenørskap og innovasjon. 

Sjå emneplanen for meir informasjon.

Undervisningsmåtar

Studiet går over to semester med studiestart i oktober og avsluttande eksamen innan utgangen av mai neste semester. Ein legg opp til fem samlingar, der ein del av samlingane er nettbaserte. Dei fysiske samlingane vil bli lokaliserte i Førde og Sogndal. 

Dette er eit tilbod til studentar ved Høgskulen på Vestlandet som òg er ope for eksterne søkjarar. Studiet vil bli tilpassa studentar frå Bergen, Stord og Haugesund ved bruk av videokonferanse, men også desse studentane må møte personleg på fyrste samling i Sogndal.

Slik søker du

Når du kjem inn i Søknadsweb går du til «enkeltemner». Her finn du studietilbodet nederst i lista. 

Studentbedrifta Frost Info SB ved HVL i Førde deltok på NM for studentbedrifter i 2019. Ingeniørstudentane på bildet har utvikla eit datasystem som skal lette arbeidet med dokumentasjon i industrien.


Studentbedrifta FrivilligStudent SB hadde fokus på frivillig arbeid for studentar i Sogndal og kobla studentar til lag og organisasjonar som har bruk for frivillig innsats. Dei fire var studentar på sosialt arbeid ved HVL i Sogndal.