Klinisk sjukepleie - Nevrosjukepleie

Denne vidareutdanninga gir deg som sjukepleiar spesialkompetanse innan nevrosjukepleie, slik at du kan informere, rettleie, behandle og følge opp pasientar med sjukdom eller skade i hjernen og nervesystemet.

Vi tar ikkje opp nye studentar i 2019.

Nye moglegheiter for behandling og avanserte undersøkingar fører med seg store utfordringar innan nevrosjukepleie, og krev spesialisert kompetanse, samarbeid og koordinering for å oppnå kvalitet, tryggleik og tilgjengelegheit i helsetenestene.

Pasientar og brukarar med behov for sjukepleie relatert til nevrologiske sjukdommar eller skadar i hjerne- og nervesystemet finn vi både i og utanfor sjukehus. Nokre pasientar har akutte sjukdommar eller skadar, medan andre har medfødd eller erverva kronisk sjukdom. 

Om utdanninga

Målgruppa er sjukepleiarar som arbeider med denne pasientgruppa i sjukehus (ved nevrologiske avdelingar, medisinske avdelingar, innan nevrokirurgi, akuttmedisin/intensiv eller rehabilitering), i primærhelsetenesta eller andre relevante helsetenestetilbod i Noreg og Norden.

Innanfor fagområdet nevrosjukepleie vert pasientar og brukarar i alle aldersgrupper og med ulik bakgrunn behandla. God fagutøving krev evne til å integrere tilgjengeleg kunnskap frå forsking med erfaringsbasert kunnskap, kombinert med brukarkunnskap. 

Ein nevrosjukepleiar må meistre eit breitt spekter av ferdigheiter og ha oppdatert kunnskap som vert kravd ved akutte livstruande situasjonar, rehabilitering og livslang palliativ behandling.

Organisering av utdanninga

Studiet gir 60 studiepoeng og er organisert som eit deltidsstudium over tre semester, fordelt på ni vekesamlingar. Studiet er organisert med to fagspesifikke emne og to fellesemne for alle spesialitetane.

Undervisningsmåtar

Vi legg vekt på varierte undervisningsformar der målet er å øve opp praktiske ferdigheiter, haldningar og kunnskapar. Dette vert oppnådd gjennom forelesingar, gruppearbeid, simulering og sjølvstudium. Noko av undervisninga vil vere på nett.

SimArena

SimArena er vårt nye simuleringssenter i Bergen, med 35 laboratorium med topp moderne medisinsk-teknisk utstyr.

Kliniske studiar

I løpet av studiet skal du gjennomføre 150 timar kliniske studiar for å kunne fordjupe deg innan fagområdet.

Kva blir du kvalifisert for?

Når du har gjennomført studiet, er du kvalifisert til å arbeide som spesialsjukepleiar i nevrosjukepleie i sjukehus, i primærhelsetenesta og innanfor andre relevante helsetenestetilbod.

Samlingar

  • Vår 2019:  veke 4–5, 13 og 19
  • Haust 2019: veke 36 og 47
  • Vår 2020: veke 5, 12 og 23

Vi begynner mandager kl. 10:15 og avslutter fredager kl. 14:00.