Klinisk sjukepleie - suppleringsopptak
Suppleringsopptaket er for deg som ønsker å fullføre ein mastergrad i klinisk sjukepleie, 120 studiepoeng. Du kan søke opptak til master i klinisk sjukepleie med spesialitet diabetes-, kardiologisk sjukepleie eller helsesykepleieutdanning.
Suppleringsopptaket er avhengig av ledige studieplassar.
Søkjarar som har fullført 60 studiepoeng i diabetes-, kardiologisk sjukepleie eller helsesjukepleiarutdanning, gjennomfører dei resterande 60 studiepoenga over 1,5 år.
Kva blir du kvalifisert for?
Mastergrad i klinisk sjukepleie gjer deg spesielt godt kvalifisert for kombinerte stillingar som omfattar klinisk arbeid og forsking- og utviklingsarbeid.
Du blir kvalifisert til å ha leiande stillingar i kommune- og spesialisthelsetenesta, og du vil kunne arbeide som helsesjukepleier eller spesialsjukepleiar med særskild fagansvar. Du blir også betre kvalifisert til å rettleie og undervise helsepersonell, og du får kompetanse til å vere ein pådrivar for kunnskapsbasert fagutvikling.
Studiet kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.
Internasjonalisering
Høgskulen på Vestlandet har internasjonalt forskingssamarbeid innan fleire av fagspesialitetane som inngår i masterstudiet.