Ledelse av lærings- og læreplanarbeid

Korleis vil du jobbe med fagfornying ved eigen skule? Denne vidareutdanninga skal gi deg som skuleleiar kunnskapar, ferdigheter og haldningar for å kunne leie og stå i utfordringar knytt til lærings- og læreplanarbeidet i skulen.

Tilbodet er for rektorar og andre skuleleiarar som har gjennomført nasjonal rektorutdanning eller tilsvarande, og er ein påbyggingsmodul til rektorutdanninga på mastergradnivå.

Vidareutdanninga blir tilbydd i samarbeid med NLA Høgskolen på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

  • I studiet tileignar du deg kunnskapar, haldningar og ferdigheter som er nødvendige for å kunne tolke og forstå læreplanverket.
  • I studiet lærer du å bruke læreplanverket til å leie tilsette sitt lærings- og utviklingsarbeid, skapa ei fellesforståing på skulen av sentrale omgrep og prinsipp i læreplanverket og utvikle profesjonsfellesskapet ved skulen.
  • Innhaldet bygger på oppdatert forsking, og vil utfordre til både eigen- og grupperefleksjon, og praktisk utprøving av tiltak gjennom studietida.

Vi tek atterhald om at det kan bli gjort mindre endringar i emneplanen.

Organisering

Leiing av lærings- og læreplanarbeid er ein del av Utdanningsdirektoratet sitt nasjonale vidareutdanningstilbod for skulesektoren. I løpet av studiet arbeider du med et eige utviklingsarbeid knytt til leiing av lærings- og læreplanarbeid som og dannar grunnlag for eksamensoppgåva.

Studiet er samlingsbasert med fire samlingar, à to dagar. Samlingane vil bli lagt til eit hotell i Bergensområdet. Dei som får opptak vil få nærare informasjon etter kvart.

Samlingar

  • 12.-13. september 2019
  • 7.-8. november 2019
  • 6.-7. februar 2020
  • 28.-29. april 2020

Vil du studere meir?

På same måte som for rektorutdanninga kan ein søke innpass i mastergrad i «Pedagogikk med vekt på pedagogisk ledelse» ved NLA Høgskolen. Det blir arbeidd med å få modulen innpassa i mastergrad ved HVL også.

Les meir på Udir sine sider.