Natur- og samfunnsfag

Har du lyst til å jobbe med klimaendringar, fornybar energi eller som sosiolog? Ved HVL finn du mange ulike fagretningar innan natur- og samfunnsfag, frå eldre historie, politikk og oppvekstvilkår til klimaskapte utfordringar og landmåling.

Hos oss får du studere i eit aktivt  miljø, og lære av dyktige og engasjerte lærarar og forskarar!

Du kan studere natur- og samfunnsfag på ulike måtar: 

Årsstudium og halvtårsstudium

Eit årsstudium varer i eitt år. Dette kan vere ein smakebit på fagområdet før du studerer vidare til ein bachelor. Nokre årsstudium kan gi deg relevant jobb, mens andre kan vere ein del av eit lengre studieløp. Vi tilbyr også to halvtårsstudium. 

Bachelor

Ein bachelor er ei treårig utdanning. Når du er ferdig med tre år som fulltidsstudent får du ei bachelorgrad.

Master

Ein mastergrad er ei toårig påbygging på bachelorgraden.

Ph.d.

Ph.d.-studiet er ei treårig forskarutdanning for deg som ønskjer å kvalifisere deg for vitskapleg arbeid og forsking på høgt internasjonalt nivå.