Nyskaping og berekraft

Etter- og vidareutdanning

Vidareutdanninga er avlyst våren 2023.

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Opptakskrav:

    Fullført lærarutdanning

    Om å søke opptak til HVL

    Få ei betre forståing av korleis du som er lærar kan jobbe med nyskaping og kreative prosessar med utgangspunkt i berekraft. Denne vidareutdanninga tar i særleg grad for seg elevaktive undervisningsmetodar som Ungt Entreprenørskap og utforskande undervisning.

    Utdanninga vil vere spesielt retta mot ungdomsskule og vidaregåande skule.

    Nyskaping og kreative prosessar er viktige delar av denne videreutdanninga. Det er eit auka fokus på at elevane skal få skape og utforske, og i dei nye læreplanane som blei innført hausten 2020 er berekraftig utvikling eit av tre tverrfaglege tema. Du vil få betre forståing for omgrep knytt til entreprenørskap, verdiskaping og berekraft. Vi ser óg på korleis du som er lærar kan utvikle samarbeid med næringsliv i ditt eige lokalmiljø.

    Du finn meir informasjon i emneplanen.

    Undervisningsmåtar

    Studiet er samlingsbasert og nettstøtta. 

    For å kunne ta eksamen må du levere inn tre arbeidskrav. Det blir heimeeksamen over tre dagar.