Økonomi og administrasjon

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei yrkesretta utdanning som opnar for mange moglegheiter innan både privat næringsliv og offentleg forvaltning.

Studiet passar godt for deg som ønskjer å jobbe med rådgivings- eller spesialistoppgåver knytt til dei økonomiske, organisatoriske eller administrative delane av ein privat eller offentleg organisasjon.

Etter fullført utdanning kan du bygge på med ein mastergrad ved ulike høgskular og universitet i Noreg og i utlandet.