Pedagogisk rettleiing – innføring

I dette studiet får du kunnskap og erfaring i rettleiing, fortrinnsvis knytt til praksis i helse- og sosialfagutdanningane.

Studiet gir innsikt i rettleiingspedagogikk, studentaktive læringsformer og rettleiing innan eige fagområde og på tvers av profesjonar.

Utdanninga er tverrfagleg med teoretisk og praktisk innføring i rettleiingsteori, prinsipp og metodar. Rettleiingskompetansen er tilrådd ved studentrettleiing. Det er òg viktig å kunne gje tilbod om rettleiing når ein skal rekruttere nye arbeidstakarar.

Læringsformar: Førelesingar, øvingar, gruppearbeid og sjølvstudium. Det er obligatorisk deltaking på samlingane.

Du finn meir informasjon i emneplanen.

Samlingar hausten 2021

Samlingsplan om du tek utdanninga i Bergen eller på Stord:

  • 8.-10. september
  • 6.-7. oktober
  • 3.-4. november

Samlingsplan om du tek utdanninga i Førde:

  • 14.-16. september, på campus Førde eller digitalt
  • 6.-7. oktober, digital
  • 10.-11. november, på campus Førde eller digitalt

Samlingsplan om du tek utdanninga i Haugesund:

  • 7.-9. september
  • 6.-7. oktober
  • 10.-11. november

Med atterhald om endringar.

Kva blir du kvalifisert for?

Studiet er kvalifiserande for yrkesutøvarar som definerer rettleiing som ein del av yrkesfunksjonen sin. Dette inneber og rettleiing av studentar i praksisstudiar.

Gjennomført emne fyller delar av kravet for å bli godkjent som fagleg rettleiar hos nokre yrkesorganisasjonar. Emnet kan òg gå inn i ein mastergrad.

Informasjon til nye studentar hausten 2021