Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag | deltid

Årsstudium

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag er eit studium for deg som treng pedagogisk kompetanse for å undervise i fag du allereie har utdanning i.

Dette deltidsstudiet er samlingsbasert og blir tilbudt på Stord hausten 2021. (Vil du heller ta studiet på full tid, kan du ta heiltidstudiet.)

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium, og gir deg som framtidig faglærar nødvendig startkompetanse. Studieprogrammet er ramma inn av eit kunnskapssyn der profesjonskompetanse er definert som ein konstruksjon av fleire ulike kunnskapsformer. Studiet består av pedagogikk og fagdidaktikk som er integrert i dei to emna våre. Desse er fordelt likt i to emne:

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet

Fagprofilar på Stord for 2021-kullet (deltid):

  • Naturfag
  • Matematikk
  • Framandspråk
  • Norsk
  • RLE
  • Kroppsøving/idrett
  • Musikk
  • Samfunnsfag
  • Kunst og handverk
  • Dans
  • Drama

Dersom det ikkje blir nok søkarar innan dei enkelte profilane, blir ikkje desse starta opp.

Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden.

Vi har varierte og studentaktive arbeidsformer. Kva arbeidsformer som blir brukt er avhengig av kva tema vi arbeider med.

Deltidsstudiet er organisert som ei fleksibel, samlingsbasert og nettstøtta utdanning.

Praksis

Praksisopplæringa har eit omfang på 60 dagar, 30 dagar kvart studieår I praksis får du øve deg som klasseleiar med rettleiing av praksislærar. Vi søkjer å gjere undervisinga på høgskulen mest mogleg relevant for det du møter i praksis.

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Du vil få rettleiing på skulen, og besøk frå profesjonsrettleiar frå HVL.. Det er i alt 60 dagar praksis fordelt på begge studieåra. Om du har jobb i skulen, kan du ha ein av praksisperiodane på eigen arbeidsplass.

Her finn du informasjon om praksis.

Samlingar Stord, hausten 2021 og våren 2022

  • 30. august til 1. september
  • 4. til 6. oktober
  • 15. til 17. november
  • 17. til 19. januar
  • 21. til 23. februar
  • 28. til 30. mars