Psykologi

Er du interessert i å analysere menneskelege problemstillingar? Vil du lære meir om motivasjonspsykologi, stressmeistring og gruppeåtferd? Då kan dette kurset være interessant for deg.

Sentrale psykologiske tema i arbeidsliv og daglegliv

Kurset vil gi deg ei oversikt og innføring i sentrale omgrep og perspektiv innan moderne psykologi. Du lærer mellom anna om biologisk psykologi, motivasjonspsykologi, sosialpsykologi og personlegdomspsykologi med psykologiske avvik. Du vil også lære om korleis du kan bruke grunnleggande psykologiske perspektiv og teoriar.

Du lærer om

  • forholdet mellom arv og miljø, biologi og læring
  • ulike perspektiv på motivasjon og personlegdom
  • sosial påverknad, sosiale relasjonar og åtferd i ei gruppe
  • stress og stressmeistring
  • psykiske problem og vanlege psykiske lidingar

Organisering og undervisningsmetodar

Kurset blir gjennomført over fem samlingar ved campus Haugesund. I samlingane inngår forelesningar og diskusjonar. Det blir skriftleg eksamen.

Kurshaldar: John Ferkingstad

Samlingsdatoar

NB: Ny oppstartsdato!
Samlingene starter opp en uke senere en opprinnelig planlagt. Første samling blir 28.september.

  • 28. september 2021, kl. 17.15-21.00
  • 5. oktober 2021, kl. 17.15-21.00
  • 26. oktober 2021, kl. 17.15-21.00
  • 9. november 2021, kl. 17.15-21.00
  • Eksamen: 7. desember