Psykososialt arbeid med barn og unge

Etter- og vidareutdanning

Vil du å arbeide med barn og ungdom som treng at du ser dei litt ekstra? Dette er vidareutdanninga for deg som har behov for auka kompetanse til å styrke meistring og trivsel hos barn og unge i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid.

Dette er eit oppdragsstudium i regi av Helsedirektoratet.

Du lærer om:

  • barn og ungdom si psykiske helse
  • forhold i lokalsamfunn, barnehage, skule, helse- og sosialtenesta som fremjer god psykisk helse
  • ulike psykososiale problem og psykiske lidingar, og korleis identifisere og kartlegge slike forhold
  • samhandling med barn og ungdom og deira foreldre eller føresette
  • helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid
  • tverrfagleg samhandling og lokalt prosjektarbeid

Er du tilsett i ein kommune eller fylkeskommune? Då kan arbeidsgivaren din søke Statsforvaltaren om kompetanse- og innovasjonstilskot.

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert, og vi legg opp til tre vekesamlingar med obligatorisk oppmøte kvart semester. Vi har forelesingar, rollespel, video, rettleiingsgrupper, sjølvstudium, oppgåveskriving/arbeidskrav og teorigrupper/ kollokviegrupper. Mellom samlingane vil kommunikasjonen vere gjennom den digitale læringsplattformen Canvas.

Samlingar hausten 2021:

  • Bergen: Veke 37 (13. september-17.september), veke 43 (25. oktober-29. oktober), veke 49 (6. desember-10. desember).
  • Stord/Haugesund: Veke 34 (23.-27. august), veke 41 (11.-15. oktober) og veke 46 (15.-19. november)

Vil du studere meir?

Emnet PSBU104 Psykososialt arbeid med barn, ungdom og deira familiar - ulike praksisar, teoriar og etiske dilemma er godkjent som valfritt emne i master i samhandling og folkehelse.