Reiselivsledelse | årsstudium

Årsstudium

Ønskjer du å jobbe innan reiseliv og entreprenørskap og utvikle spennande berekraftige opplevingar for framtida? Da kan årsstudium i reiselivsleiing vere noko for deg.

Gjennom årsstudiet får du ei innføring i korleis reiselivsnæringa er sett saman og du får nyttige verktøy innan reiseliv, marknadsføring, bedriftsøkonomi og personalleiing.

Her lærer du om grunnleggande omgrep i reiseliv og korleis det heilskaplege reiselivsproduktet er sett saman samt korleis utvikle tematiserte opplevingar og historier.

Studiet har eit eige emne som tek føre seg vertskap og service, nemleg kunsten å få andre til å føle seg velkommen, og der blir det fokus på observasjon av praksis og lære korleis bli ein best mogleg vert eller vertinne.

I forretningsjus blir du gjort merksam på relevante lovverk som t.d. marknadsføringslova, serveringslova, pakkereiselova, selskapsrett, arbeidsrett, avtalerett og juridisk metode.

Studiet tek føre seg grunnleggande emne innan:

  • reiseliv
  • tematiserte opplevingar & storytelling
  • forretningsjus
  • vertskap & service
  • marknadsføring
  • bedriftsøkonomi og rekneskap
  • organisasjonsteori
  • personalleing (HRM)

Undervisningsmåtar

Studiet er nært knytt til næringa, offentleg sektor og forsking (nasjonalt og internasjonalt) i form av gjesteforelesingar, ekskursjonar, bedriftsbesøk, praktiske eksempel (case) og forskingsbasert undervisning. Høgskulen har eit nært samarbeid med reiselivsnæringa og offentleg sektor.

Vil du studere meir?

Studiet tilsvara fyrste året i bachelorutdanning i reiselivsleiing, og gjev grunnlag for opptak vidare inn på 2. året i bachelorutdanninga. Du søkjer opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.