Reiselivsleiing, årsstudium

Ønskjer du å jobbe innan reiseliv og entreprenørskap og utvikle spennande berekraftige opplevingar for framtida? Da kan årsstudium i reiselivsleiing vere noko for deg.

Gjennom årsstudiet får du ei innføring i korleis reiselivsnæringa er sett saman og du får nyttige verktøy innan reiseliv, marknadsføring, bedriftsøkonomi og personalleiing.

Her lærer du om grunnleggande omgrep i reiseliv og korleis det heilskaplege reiselivsproduktet er sett saman samt korleis utvikle tematiserte opplevingar og historier.

Studiet har eit eige emne som tek føre seg vertskap og service, nemleg kunsten å få andre til å føle seg velkommen, og der blir det fokus på observasjon av praksis og lære korleis bli ein best mogleg vert eller vertinne.

I forretningsjus blir du gjort merksam på relevante lovverk som t.d. marknadsføringslova, serveringslova, pakkereiselova, selskapsrett, arbeidsrett, avtalerett og juridisk metode.

Studiet tek føre seg grunnleggande emne innan

  • reiseliv
  • tematiserte opplevingar & storytelling
  • forretningsjus
  • vertskap & service
  • marknadsføring
  • bedriftsøkonomi og rekneskap
  • organisasjonsteori
  • personalleing (HRM)

Undervisningsmåtar

Studiet er nært knytt til næringa, offentleg sektor og forsking (nasjonalt og internasjonalt) i form av gjesteforelesingar, ekskursjonar, bedriftsbesøk, praktiske eksempel (case) og forskingsbasert undervisning. Høgskulen har eit nært samarbeid med reiselivsnæringa og offentleg sektor.

Kva kan du jobbe med?

Etter studiet kan du jobbe innan alle deler av reiselivsnæringa; overnatting, servering, transport, attraksjon eller aktivitetsselskap, formidling eller sal, turoperasjon eller destinasjonsselskap. Studiet høver og for dei som ønskjer å jobbe i offentleg forvaltning med grense til næringsutvikling og reiseliv.

Studiet legg og opp til entreprenørskap og høver for dei som ønskjer å starte bedrift sjølv, men som treng litt fagleg påfyll.

Vil du studere meir?

Studiet tilsvara fyrste året bachelorutdanning i reiselivsleiing, og gjev grunnlag for opptak vidare inn på 2. året i bachelorutdanninga. Du søkjer opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.