Samfunnsfag

Er du samfunnsengasjert og interessert i kvifor samfunnet er som det er? Gjennom årsstudium i samfunnsfag lærer du å forstå samtida betre.

Samfunnsfag er både eit munnleg og skriftleg fag. Diskusjonar og samtalar er ein viktig del av undervisninga, i tillegg til skriftlege presentasjonar og oppgåver.

Årsstudium i samfunnsfag kan danne grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning i til dømes historie eller sosiologi. Du kan også bruke årsstudiet inn i andre studium. Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.