Spesialpedagogikk 2 | 1.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning

Spesialpedagogikk 2 er ei vidareutdanning for deg som arbeider på 1.-10. årstrinn, og allereie har 30 studiepoeng i spesialpedagogikk. Studiet bygger på Spesialpedagogikk 1 eller tilsvarande emne, og vil gje meir inngåande kjennskap til det spesialpedagogiske fagfeltet.

Sentrale tema:

  • sosial og emosjonell utvikling hos barn og unge
  • psykososiale vanskar
  • inkluderande læringsmiljø og psykisk helse
  • utfordringar hos barn og unge sett frå ulike system- og individperspektiv
  • rettleiing og intern og ekstern samarbeid
  • kartlegging, førebygging og tidleg innsats

Studiet er organisert i to emne; Psykososiale vanskar (TPE 803) som går haustsemesteret, og Førebygging og tidleg innsats (TPE 804), som går vårsemesteret.

Timeplan

Studiet er delvis samlings- og nettbasert. Det er tre samlingar kvart semester (2-3 dagar). Det kan vere lagt opp til både individuelt arbeid og nettbasert gruppearbeid mellom samlingar.

  • 30.08.2021
  • 31.08.2021
  • 01.09.2021
  • 18.10.2021
  • 19.10.2021
  • 06.12.2021
  • 07.12.2021
  • 24.01.2022
  • 25.01.2022
  • 07.03.2022
  • 08.03.2022
  • 02.05.2022
  • 03.05.2022