For etter- og vidareutdanningsstudentar

Her finn du nyttig informasjon for deg som er søkjar til eller allereie har fått tilbod om etter- og vidareutdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknad og opptak

Dei generelle fristane for å søke vidareutdanning er 15. april, 15. mai, 15. november og 1. desember, men sjekk studietilbodssida for nøyaktig dato.

Alle søknader til vidareutdanningar med studiepoeng skal gjerast i den digitale plattforma SøknadsWeb. Ved påmelding til etterutdanning, og arrangement blir andre system tatt i bruk.

Tilbod om studieplass til vidareutdanning blir sendt ut etter kvart som søknadane blir behandla. Normalt blir svar på søknad gitt innan ein månad etter søknadsfrist er utgått, med mindre annet er oppgitt. 

Sidan all kommunikasjon frå høgskulen i hovudsak skjer via e-post er det viktig å passa på at e-postadressa du oppgjev i søknaden er rett. Om du saknar svar frå oss kan det vera lurt å sjekke mappa "søppelpost".

Dokumentasjon

For at opptakskontoret skal kunne saksbehandla søknaden din, må du laste opp all dokumentasjon (vitnemål og attestar) i samsvar med opptakskrava til studie du søkjer deg inn på i SøknadsWeb. Denne dokumentasjonen kan ikkje sendast til høgskulen på e-post.

Du er sjølv ansvarleg for at dokumentasjonen er korrekt. Du kan bli bedt om å vise original dokumentasjon ved studiestart, og uriktige eller misvisande opplysningar kan føre til at du mistar retten til å fullføre utdanninga di.

Akseptere studieplass og kursavgift

Ved å takke ja til studieplass i Søknadsweb, stadfester du også at du har lest og godtatt vilkåra til høgskulen. Det kan innebere at du inngår ein bindande økonomisk studiekontrakt med høgskulen, dersom det er eit studie med kursavgift. Studiekontrakten blir inngått med deg og ikkje din arbeidsgjevar, sjølv om arbeidsgjevar i mange tilfelle betaler for studiet.

Det er anledning for å angre seg, og ein må då sei frå seg plassen på studiet skiftleg innan 14 dagar frå datoen studieplassen blei akseptert. Dersom du ikkje svarar på tilbod innan fristen, mister du studieplassen.

Kursavgifta blir fakturert like etter første samling, og betalingsfristen blir satt til fire veker.

Semesteravgift og studielån

Studentar som tar vidareutdanning ved Høgskulen på Vestlandet er som regel fritatt for betaling av semesteravgift til Saman. Det er spesifisert på studietilbodssida om studiet ditt er eit unntak, eller om avgifta skal betalast. Det er viktig å merke seg at kursavgift og semesteravgift ikkje er det same. Kursavgifta er som regel eit vesentleg høgare beløp.

Vel du å betale semesteravgifta får du studentbevis som kan gje ulike studentfordelar. Betalt semesteravgift kvalifiserar også til å søke lån/stipend hos  Lånkassen om studiet er på 15 studiepoeng eller meir. Utbetaling frå Lånekassen krev at semesteravgifta er betalt.

Studiestart og høgkulens systemer

Brukarkonto

1-2 veker før studiestart mottar du SMS med informasjon om korleis du lager brukarkonto  med Feidepålogging, for tilgang til høgskulens ulike system. Feidepålogging gir tilgang til blant anna StudentWeb, Canvas, WiseFlow og trådlaust internett (Eduroam).

StudentWeb

StudentWeb kan du finne informasjon om:

  • kva emne du er vurdering- og undervisningsmeldt til
  • eksamensresultat
  • betalingsinformasjon for semsteravgift (dersom den skal betalast)
  • bestilling av karakterurskrift
  • kontaktopplysningane dine (spesielt viktig at e-postadressen er korrekt)
  • korleis du kan lage ny PIN-kode til nøkkelkortet ditt

Canvas

Canvas er læringsplattform for HVL. Dette er ein viktig informasjonskanal mellom deg som student og høgskulen. Den blir mellom anna nytta til meldingar fra lærarane, oppgåver og innleveringar.

Treng du hjelp med Canvas kontakt: canvas@hvl.no

Wiseflow

Wiseflow er HVLs digitale system for innlevering av oppgåver, eksamen og vurdering av eksamen.

Trådlaust internett

Eduroam er det trådlause nettet ved HVL, sjå her for korleis du loggar inn.