Semesterregistrering

Du er sjølv ansvarleg for å passe på at oppmeldingar blir gjort innan fristen som normalt er 1. september for høstsemester og 1. februar for vårsemester. For studium med oppstart utanfor ordinær studiestart, er fristen 14 dagar etter oppstart.

Dersom du ikkje er meldt opp i dei emna du skal ta, vil du heller ikkje få tilgang til læringssystemet Canvas. Her finn du viktig fagleg informasjon om læringsressursar for emna dine.

Du semesterregistrerer deg i Studentweb kvart semester du er student hos oss ved å melde deg opp til undervisning og eksamen. Dette må gjerast innan to veker etter undervisningsoppstart.

Slik semesterregistrerer du deg:

1. Innlogging til StudentWeb

Gå inn på Studentweb og logg på med fødselsnummer og pin som du fekk i velkomst-SMSen eller via ID-porten (Bank-ID, Bank-ID på mobil eller minID). Dersom du allereie har brukarnamn og passord frå høgskulen, kan du logge på med FEIDE. Om du ikkje har oppretta FEIDE-konto enno gjer du dette seinare ved å gå inn på  konto.hvl.no 

Innlogging StudentWeb

2. Start registrering

Start registreringa ved å trykke på den store grøne knappen. Dersom du er på mobil må du rulle litt ned på sida for å sjå denne.

Når du har sett i gang registreringssekvensen kan du gå fram og tilbake på sidene med knappane «Førre» og «Neste» nedst på sida. Om du avbryt registreringa kan du komme tilbake seinare for å fullføre denne.

start registreringen

3. Bekreft at du har lese lovar og reglar

Bekreft at du har lese lovar og reglar for utdanninga og at du er kjent med forskriftene til HVL. Du kjem ikkje vidare i registreringa utan at dette er gjort.   

inga og at du er kjent med forskriftene til Høgskulen på Vestlandet. Du kjem ikkje vidare i registreringa utan at dette er gjort.

4. Godkjenn utdanningsplan

I neste trinn godkjenner du utdanningsplanen din. Utdanningsplanen er ein avtale mellom høgskulen og deg som student om kva emne du skal ta. Alle studentar har ein utdanningsplan, også dei som berre skal ta eitt emne. I planen får du opp ein oversikt over emna du skal ta, og du skal bli automatisk meldt når du kjem til dette steget i registreringa. 

godkjenning av utdanningsplan

5. Status og oversikt

På status- og oversiktssida ser du kva emne du skal ta og i kva semester du skal ta desse. Du får også oversikt over kor mange studiepoeng som ligg i planen din, og ein status på om meldingane dine og planen vidare oppfyller utdanningsplanen. Du vil då få «OK» i feltet «Status og oversikt». Viss det ikkje er «OK» her, går du tilbake til utdanningsplanen og rettar opp det som manglar. 

status og oversikt

6. Min profil

På den siste sida sjekkar du informasjonen som ligg i «Min profil», og fyller inn det som manglar. Her er det viktig at du sjekkar at adressene er riktige og at telefonnummer og e-postadresse stemmer. Når all informasjonen på denne sida er rett, går du vidare til kvitteringssida.
min profil

7. Kvittering

På kvitteringssida får du oversikt over kva emne du er meldt til i løpet av registreringsprosessen. Her får du opp både undervisningssemester og vurderingssemester for emnet, saman med vurderingsforma emnet har. Du vil også få ein e-post med kvittering på oppmeldinga(ne). 

kvittering