
Dekanstillingar og prorektorstillingar er lyst ut
Fleire noverande åremål ved Høgskulen på Vestlandet går ut 31. juli 2025. No er utlysingane klare.
Åremålsperioden for stillingane som prorektor for utdanning, prorektor for regional utvikling, dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett og dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap går ut 31. juli 2025. Desse
åremålsstillingane skal difor no lysast ut for perioden 1. august 2025 til 31. juli 2029.
To prorektorstillingar
Prorektor for utdanning får på vegne av rektor eit strategisk ansvar for utviklinga av høgskulen sine utdanningstilbod på alle nivå.
Prorektor for nyskaping og regional utvikling har på vegne av rektor eit strategisk ansvar for å fremje nyskaping i utdanning, forsking, formidling og administrative prosessar. Prorektor har vidare eit særskilt ansvar for å styrke høgskulen sitt samspel med samfunns- og arbeidsliv på heile Vestlandet om utvikling av erfarings- og forskingsbasert kunnskap.
To dekanstillingar
- Dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Dekanane har det overordna ansvaret for at fakultetet sine utdanningar, forskings- og utviklingsverksemd og formidlingarbeid held høg kvalitet. Dei skal sørge for at innovasjon og internasjonalisering vert ein integrert del av den faglege verksemda. Tilrettelegging for fagleg samhandling internt og på tvers av fakulteta er ei viktig oppgåve.
Desse fire åremålsstillingane vert no lyst ut med søknadsfrist 9. mars og planlagt tilsetting i styremøtet 24. april.
Fakta om Høgskulen på Vestlandet
- HVL er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet med om lag 16.700 studentar og 1900 tilsette.
- HVL har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
- HVL uteksaminerer kvart år 2500 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.
- Kandidatundersøkingar viser at 8 av 10 av dei som blir utdanna ved Høgskulen på Vestlandet blir verande i vestlandsregionen og finn seg raskt relevant arbeid.