Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, eller tilsvarande. Kandidatar med annan relevant utdanning (f.eks. bibliotek- og informasjonsfag) kan også søke, og vil bli vurdert individuelt.
Poenggrense ved forrige opptak
-
Alle kvalifiserte
Informasjon om utrekning av poeng
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere master i kunnskapsbasert praksis?
Det er forventa at helse- og omsorgspersonell tek faglege avgjerder basert på brukarens behov, eigen erfaring og systematisk innhenta forskingsbasert kunnskap.
Kunnskapsbasert praksis handlar om å kombinere klinisk erfaring og ekspertise med beste tilgjengelege kunnskap frå forsking. Brukaren sjølv, og dei som står brukaren nær, skal også få medverke i avgjerder.
Ved å studere master i kunnskapsbasert praksis får du nødvendig kompetanse for å jobbe med kvalitetsbetring, implementering og endringsprosessar i praksis. Å kunne bruke prinsippa for kunnskapsbasert praksis er avgjerande for å lukkast med kvalitetsbetring.
Kva lærer du?
Ved å studere master i kunnskapsbasert praksis vil du lære å:
- Reflektere over praksis.
- Stille presise spørsmål.
- Søke etter og vurdere kvaliteten på forskingsbasert kunnskap.
- Nytte og sette i verk forskingsbasert kunnskap.
- Evaluere endringar i praksis.
Kven passer studiet for?
Master i kunnskapsbasert praksis passer for alle som jobbar i helse- og omsorgstenestene og som ønsker å jobbe med kvalitetsbetring og implementering. Det er aktuelt for deg som har ansvar for fagutvikling på di avdeling, eller som ønsker å jobbe meir med dette framover. Det kan også passe for deg som er fagutviklar eller leiar.
Kva kan du jobbe med?
- Fagutvikling, kvalitetsbetringsarbeid og implementering.
- Undervising, rettleiing og leiing i høgare utdanning.
- Formidling av forskingsbasert kunnskap, for eksempel i klinisk praksis eller i fagtidsskrift.
- Arbeidsoppgåver og stillingar der det blir stilt krav til vitskapleg innsikt, kunnskapshandtering, og produksjon av ny kunnskap.
Utveksling
Om du er interessert i studieopphald i utlandet, ta kontakt med fagseksjonsleiar Nina Rydland Olsen.
Studere meir?
Fullført mastergrad kvalifiserer deg for opptak på ph.d.-studiar.