SA571 The Social Body
Course description for academic year 2021/2022
Contents and structure
Emnet tek opp sentrale sosiologiske og kulturhistoriske perspektiv på forminga av kroppen og kroppsbilete i vestlege samfunn. Ei viktig tilnærming i emnet er at kunnskap om kroppen kan leggje grunnleggjande rammer for kva type sosial orden ein har i samfunnet. Til dømes er moderne medisin, statistikk og andre former for profesjonell kunnskap om menneskekroppen ein føresetnad for opparbeidinga av moderne velferdstilbod, helsestell og sosial kontroll. Emnet rettar søkjelyset mot institusjonar og kulturelle prosessar som både direkte og indirekte har endra forståinga av menneskekroppen som fysisk, sosialt og kulturelt fenomen. I tillegg løftar det fram kva konsekvensar desse prosessane kan ha i høve individuell sjølvforståing og politiske maktforhold. Emnet nærmar seg desse spørsmåla med utgangspunkt i historisk og sosiologisk analyse. Studentane skal også opparbeide innsikt i korleis biologiske og sosiale forhold verkar saman i skapinga av kroppen. Etter gjennomført emne skal studentane kunne bruke desse perspektiva i analysar av kroppsoppfatningar i fortid og samtid, og til kritisk refleksjon over korleis kunnskap om mennesket også medverkar til normdanning og regulering av individuell og kollektiv åtferd.