Study plan - Regning som grunnleggende ferdighet, 1 -7 trinn
Autumn 2019
Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.
Rekning som grunnleggjande ferdigheit handlar om å tolke og forstå informasjon om blant anna tal og storleik, tid og mengde i ulike skulefag og i dagleglivet. Spennvidda er stor frå naturfag til musikk, eller samfunnsfag til kroppsøving. Rekning som grunnleggjande ferdigheit er ikkje vidareutdanning i matematikk, men skal bidra til elevane si forståing og utvikling i faga, samtidig som dei ulike faga bidrar til å styrkje elevane sine rekneferdigheiter.
Studiet er praksisnært og blir knytta mot skulekvardagen, og grunnleggjande ferdigheiter vi treng i skule og daglegliv.Tilbudet er delt i to emne:
- Emne 1 fokuserer på tema som praktisk og variert undervisning i rekning, talomgrep, dei fire rekneartane og rettleiing.
- Emne 2 fokuserer på nasjonale prøvar og analyseverktøy som høyrer til, rekning knytt til funksjonar, geometri, måling, statistikk og sannsyn, samt utviklingsarbeid og læring i praksisfellesskap.
Vidare skal studenten utvikle, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg. I studiet er pedagogisk bruk av IKT vektlagt.