– Utan studentane døyr Bergen

Denne tindrande klåre meldinga kom frå byrådsleiar Rune Bakervik (Ap) i dagens vertskommunemøte med HVL.

– Det er 40 000 studentar i Bergen, så det er sjølvsagt veldig viktig for Bergen kommune at byen vår er ein attraktiv studentby og at vi har mange attraktive arbeidsplassar.

– Høgskulen på Vestlandet er såleis svært viktige for utviklinga av Bergen, la byrådsleiaren til. 

Under dagens vertskommunemøte peika rektor Gunnar Yttri på den ferske kandidatundersøkinga som viser at 8 av 10 studentar ved HVL blir verande på Vestlandet etter utdanning.

Og i framhaldet kom både søkjartal og rekruttering til diskusjon.

– Dei store profesjonsutdanningane våre som lærarutdanning og sjukepleiarutdanning er samfunnsberande utdanningar. No ser vi utfordringar med rekruttering og vi må arbeide saman for å finne gode løysingar. Her treng vi kommunen med på laget, sa Yttri.

Leiar og nestleiar  i Studenttinget på Vestlandet, Jelle Sebastian Bruin og Ingrid Solberg, kom med fleire innspel, mellom anna til utvikling av studentbyen Bergen, og gode praksisplassar som ein del av dette.

Starten på eit nytt studieår nærmar seg og i møtet vart diskutert kor viktig det er å ta godt i mot nye studentar.
 
– Eg vil gje ros til HVL og dei andre utdanningsinstitusjonane for arbeidet med å gjere velkomstveka tryggare og meir inkluderande for alle, sa byrådsleiar Rune Bakervik.

Dagens vertskommunemøte ved campus Bergen er ein årleg møteplass der rektor og studentar møter leiinga i kommunen, gjer opp status og diskuterer felles satsingar. HVL har faste møte med alle vertskommunar i Bergen, Haugesund, Sogndal, Sunnfjord, og Stord. 

– Desse møta er viktige for utviklinga av campusane våre, seier Yttri.