Studentliv i Bergen

Facebook.com/hvl.no Instagram.com/hvl.no Tagg bilda dine med #hvlfolk

Høgskulebygget på Kronstad er eit topp moderne bygningskompleks med ein unik arkitektur. Det er bygd på NSB si gamle verkstadtomt, og fem av dei gamle bygga som låg på tomta er tatt vare på og integrert i nybygget.

Nybygget K2
Endeleg kan vi ta i bruk byggetrinn 2 på Kronstad, kjent som K2. Her er det m.a. syv lesesaler, fire auditorium, kafé, læringslab, simulatorrom og minikjøkken for studentar.

Studenthuset Kronverket er studenthuset på Kronstad. På studentbaren Kronbar er det mellom anna quizkvelder og konsertar.