Om Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) såg dagens lys 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte. Høgskulen på Vestlandet har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil, som er tett på arbeidslivet, regionen og studentane.

HVL har deling som drivkraft, ideal og metode. Kunnskap veks når den blir delt. Det vi gjer skal støtte opp om vekst for ei berekraftig utvikling av samfunns-, arbeids- og næringslivet og for den enkelte.

Vi er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 16 000 studentar fordelt på våre fem campusar i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Hos oss kan du ta alt frå årsstudium til å fullføre bachelor-, master- eller doktorgrad. Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og maritime fag, lærar- og musikkutdanning, idrett, friluftsliv og folkehelse, natur- og samfunnsfag og økonomi og leiing. Kvart år uteksaminerer vi 2700 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver innanfor desse fagområda.

Leiing og organisering

Styret er det høgste avgjerande organet ved Høgskulen på Vestlandet. Arvid Hallén er styreleiar. Berit Rokne er tilsett rektor, og er dermed øvste faglege og administrative leiar. 

Meir om leiing og organisering