HVL - Høgskulen på Vestlandet

Klar for å lære noko nytt?

Aktuelt

  • Tre personar som snakkar saman.

    Regjeringa legg til rette for at tomta på Kronstad kan overførast til Vestland fylkeskommune. Dermed er eit nytt bygg for Fagskulen Vestland og Høgskulen på Vestlandet eit langt steg nærmare realisering. - Ei gladmelding. Dette styrkar HVL, Vestlandet og Noreg, seier rektor Gunnar Yttri.

  • Høgskulen på Vestlandet har fått status som eit av WHO sine nye samarbeidssenter. Målet er å styrke bruken av kvalitativ forsking i den globale organisasjonen sitt arbeid med utforming av retningslinjer innan helse.

  • Torsdag 26. november har styret i Høgskulen på Vestlandet møte ved campus Bergen. Studietilbodet for studieåret 2027/28, budsjett 2027 og revidert strategi for HVL/Univest 2023-2030 er blant sakene som skal handsamast.

  • For fem år sidan blei Grøn region Vestland lansert på HVL. I dag var det ny giv og frisk satsing. – Med dette programmet kan vi skape ei ny tid og eit sterkare forskings-, utdannings- og innovasjonsløft for heile vestlandsregionen, seier dekan Jens Kristian Fosse i HVL.

  • Høgskulen og fakulteta har stor merksemd på tilrådingane frå utvalet. – Vi ser særleg på eksamens- og vurderingsformer, men også på læringsmiljø, opplæring og korleis ansvarleg bruk av KI kan bli ein del av emne og studieløp, seier prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal.