12 millionar til NeVa-prosjektet
Norges forskningsråd har tildelt 12 millionar kroner til det 4-årige tverrfaglege prosjektet Negotiating Values in Norwegian Teacher Education. NeVa er eit forskingsprosjekt om verdiar i lærarutdanninga ved FLKI.
Prosjektet Negotiating Values in Norwegian Teacher Education (NeVa-prosjektet) er eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt med forskarar frå Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking (ISLMT) og Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag (IPRS) ved HVL, UiA og UiS. Det er også samarbeid med universitet i England.
Prosjektet er dratt i gang og fulgt opp av forskingsleiinga i SKoL forskningsprogramråd og av professor 2 ved HVL, Line Nyhagen.
Skal forske på verdiløftet
Utdanningsreforma Kunnskapsløftet 2020 (LK20) blei lansert som "Verdiløftet i utdanningen" og slår fast at grunnskule- og vidaregåande opplæring skal byggje på verdiar som foreinar det norske samfunnet og utgjer grunnlaget for vårt demokrati.
NeVa-prosjektet skal sjå nærare på korleis lærarutdanningane tolkar og underviser i utvalde kjerneverdiar i den nye læreplanen. I tillegg skal prosjektet utvikle nye undervisningsverktøy.
– Verdiløftet i utdanninga fordrar verdiforhandlingar, seier prosjektleiar Karina Hestad Skeie. Korleis blir verdiane tolka og implementert i utdanningssamanheng? Kven har makta til å definere felles verdiar? Korleis skal verdikonfliktar i eit mangfaldig samfunn forhandlast, og kva verdiar blir prioriterte?
Viktig bidrag til norsk lærarutdanning
NeVa representerer eit viktig bidrag til norsk lærarutdanning og skal svare på eit aukande behov for å forstå korleis sentrale samfunnsverdiar blir forhandla og forvalta. I ei tid prega av auka mangfald og politiske spenningar.
Prosjektet skal finne ut korleis verdiforhandlingar skjer i dagens lærarutdanningar. Det skal utviklast ein metode der forskarar, studentar og praksislærarar samarbeider om å lage nye undervisningsverktøy for å forstå og diskutere verdiar betre.
– Eit mål er å utvikle konkrete verktøy til lærarane, seier Hestad Skeie. NeVa skal gi framtidige lærarar betre verktøy for å handtere verdimangfald og styrke demokratisk danning blant elevar i norske skular.
Internasjonalt samarbeid
NeVa-prosjektet ser den norske utdanningsreforma som del av større nasjonale og europeiske debattar om verdiar i utdanninga. NeVa skal konsentrere seg om kjerneverdiane som menneskeverd, identitet og kulturelt mangfald, samt kritisk tenking og etikk nevnt i LK20.
– Desse verdiane er viktige for å bygge bru mellom individuell fridom og sosialt samhald i eit mangfaldig samfunn, seier Hestad Skeie.
NeVa skal mellom anna samanlikne korleis verdiar blir undervist i lærarutdanningar i Noreg og i Storbritannia, der undervisning i grunnleggjande britiske verdiar er lovpålagde.
Gjennom samarbeid med både norske skular og internasjonale partnarar frå University of Loughborough, University of York og University of Bedfordshire, skal NeVa utvikle nye undervisningsverktøy som skal hjelpe lærarstudentane med å navigere komplekse verdikonfliktar i sine framtidige jobbar.