Regional utvikling og fleircampus vert hovudtema for HVL under Arendalsveka
Høgskulen på Vestlandet arrangerer debatt om fleircampusinstitusjonar og deltek på andre arrangement om både havvind, einsemd og studentinnovasjon i årets Arendalsveke.
Saman med Høgskulen i Innlandet (HINN), Universitetet i Sørøst-Norge (USN) og Nord Universitet inviterer Høgskulen på Vestlandet (HVL) samarbeidspartnarar frå næringsliv, organisasjonsliv, utdanning, politikk og forvaltning til debatten «Festbrems eller partyfikser – trenger vi regionale universitet?». Debatten skjer tysdag kveld 15. august.
I panelet sit rektor ved HVL Gunnar Yttri, rektor ved USN Petter Aasen, rektor ved HINN Peer Jacob Svenkerud og prorektor ved Nord Universitet, Ketil Eiane. Ordstyrar er Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved HVL.
Under Arendalsveka markerer HVL eit nytt samarbeid med dei tre andre utdanningsinstitusjonane, i form av ein samarbeidsavtale.
Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal leiar debatten på Arendalsveka. Foto: HVL/Eivind Senneset
Kan «sosial resept» forebygge einsemd?
Førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, forskar på einsemd og deltek i debatten «Gløymd i eigen heim – korleis forebygger vi einsemd blant eldre?», i regi av Norges Røde Kors.
For snart eit år sidan publiserte Henriksen og kollegaane hans Roy Miodini Nilsen og Ragnhild Strandberg eit oppsiktvekkande funn i det anerkjende tidsskriftet Diabetologia. Forskinga deira viste at einsemd er ei direkte årsak til diabetes type 2, og på nivå med andre typiske risikofaktorar, som dårleg kosthald og lite fysisk aktivitet.
Roger Ekeberg Henriksen forskar på einsemd. Under Arendalsveka deltek han i ein debatt om forebygging av einsemd i regi av Norges Røde Kors. Foto: Tone E.G. Henriksen.
Henriksen har nyleg etablert eit samarbeid med Hordaland Røde Kors om ei prøveordning med sosial resept på utvalde legekontor i bergensområdet. Ein person som er einsam kan få sosial resept til Røde Kors hos sin fastlege. Målet med tilvisinga er å hjelpe personen til å kome i kontakt med andre, for å forebygge eller lindre einsemd og dei negative konsekvensane det fører med seg.
Havvind – eit heitt tema under Arendalsveka
Havvind vil bli ei av dei viktigaste energisystema i framtida, og er eit av dei store temaa under Arendalsveka. I debatten Havvind på vestlandsk deltek prodekan for regional utvikling ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, Øyvind Midtbø Berge, saman med ei rekkje andre aktørar på Vestlandet.
Med utgangspunkt i Utsira Nord-utbygginga som ein veit vil koma, spør ein om Vestlandsfylka har kompetansen som krevst og korleis ein skal møta både utfordringane og moglegheitene som kjem.
Studentinnovasjon – framtidas jobbskaparar
Berge er konferansier i debatten Har vi verktøya for å utdanne framtidas jobbskaparar?, som HVL arrangerer i samarbeid med Universitetet i Agder.
HVL Skape tilbyr studentar ferdigheiter innan innovasjon og entreprenørskap. Dette er noko som er etterspurt i alle bransjar. Studentane lærer og blir oppmoda til å tenkje utanfor boksen, utforske nye løysingar og ta risiko. Når studentane startar sine eigne bedrifter, skaper dei arbeidsplassar og bidreg til økonomisk vekst og samfunnsutvikling.
Men har vi det som trengst for å lykkast? Og er entreprenørskap noko som kan lærast?, er blant spørsmåla som blir stilt i debatten.
Fattigdom og rikdom
Fleire tilsette ved HVL skal og delta på arrangement under Arendalsveka.
Henrik Dalstø, rådgjevar ved Avdeling for utdanningskvalitet deltek på ein debatt om framtidas kompetansebehov.
Professor og sosiolog Kjetil Grimastad Lundberg ved Fakultet for helse- og sosialvitskap forskar blant anna på ulikskap, fattigdom, marginalisering og sosiale problem. På tysdag kan du høyre han i ein samtale om fattigdom og sosiale klasser i Noreg. Er eigentleg Noreg eit land med like moglegheiter for alle?