Gode resultat i samarbeidsprosjekt
Eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Tanzania skal tilrettelegge for at barn med synsvanskar fullfører skulegangen.
Førre veke fekk HVL Bergen besøk frå Tanzania i høve prosjektet Securing Education for children in Tanzania (SecEd). Prosjektet skal sikre tilrettelegging for barn med synsvanskar i skulen, slik at fleire får med seg det som skjer på tavla.
- Mange barn i Tanzania får ikkje tilrettelegging med briller eller kontaktlinser. Då klarer dei heller ikkje å henge med i undervisninga, seier Gunvor Birkeland Wilhelmsen ved HVL. Som førsteamanuensis har ho forska på synspedagogikk og synsnevrologi i samband med opplæring.
Var klare over problemet
Norad, Innovasjon Norge og Forskingsrådet bistår med midlar til Visjon 2030-initiativet, som SecEd er ein del av. Målet er å redusere fattigdom gjennom å stimulere auka lese- og skriveferdigheiter. Slik skal fleire elevar bestå eksamen. Mange barn med problemåtferd har vist seg å ha vanskar med synet.
Talsperson for eksamenskontoret ved Patandi Teachers College, Lossaru L. Ngira, uttrykte takksemd for samarbeidet med Noreg.
- Det var ein draum å komme hit, og no er vi her. Takk for samarbeidet så langt og for at de hjelper oss med å sikre utdanning for barn.
To skal skrive doktorgrad
Ngira fortel at dei var klare over at synsproblema kunne skape vanskar for læring, lesing og konsentrasjon. Men dei var ikkje klare over at synsproblema kunne bli betre av trening og strukturert stimulering.
- Etter at vi følgte opp elevane med synsvanskar, kan dei no lese betre. Dei er faktisk ikkje dumme, de har berre dårleg syn.
Han fortel at 16 studentar, som også er lærarar ved Patandi, deltok på studiet Vision for reading and learning ved HVL. I tillegg er to av lærarane doktorgradsstipendiatar ved HVL. 32 barn har så langt fått strukturert oppfølging og synsstimulering.
Verdsleiande på feltet
Skulen har som mål om å gje lærarar særleg kompetanse på elevar med behov. Ifølgje skulen sin heimeside er Patandi den einaste i Tanzania som tilbyr slik opplæring.
- Takka vere SecEd er dette no integrert i pensum for spesialpedagogikk, og vi er svært stolte av det. No veit vi meir om korleis vi skal handtere synsvanskar, seier Ngira.
Wilhelmsen ved HVL nytta anledninga til å skryte av dei tilsette ved Patandi Teachers College.
- Dykkar institusjon er verdsleiande på dette no. Synsvanskar blant elevar og tilrettelegging for dette finst ikkje på pensum for lærarar her i Noreg.
I tillegg til besøket hos HVL har den tanzanianske gruppa vore innom fleire institusjonar i løpet av opphaldet. På lista over besøksmål stod Nordnes og Storetveit skule, Toftøy barnehage, Statped Vest, Hjelpemiddelsentralen og Solvik syn- og mestringssenter på Askøy.