Avspark for nytt forskingssenter på hydrogen

Med den pågåande energikrisa i verda som bakteppe, blei opninga av det nye forskingssenteret for miljøvennleg energi markert på onsdag. HVL er med i partnarskapet som skal forske fram nye hydrogenbaserte løysingar for energisektoren.

- Å utvikle nye miljøvennlege energikjelder er ei av dei store og viktige utfordringane i vår tid. Som forskings- og utdanningsaktør er det utruleg viktig at HVL bidrar inn i dette arbeidet. Difor er eg svært glad for at vi samlar kreftene for å utvikle framtidas energiløysingar, seier prorektor for forsking ved HVL Gro Anita Flaten.  

Hydrogen har stort potensiale for å bli ein sentral energiberar som kan redusere klimagasutsleppa i framtida, men framleis står mykje forsking og utvikling att. Det er nettopp dette senteret skal bidra til, gjennom ei heilskapleg tilnærming som inkluderer tekniske løysingar, økonomiske verkemiddel, regelverk, samfunns- og miljøpåverknad og risiko. Forskningsrådet tildelte tidlegare i år 120 millionar kroner over 8 år til det nye senteret i Bergen.

HVL bidrar med viktig forsking

Senteret, som har fått namnet Hyvalue, blir leia av Norce og har med seg partnarar frå forsking, næringsliv og forvalting. Fionn Iversen skal leie senteret, medan Velaug Myrseth Oltedal ved HVL blir nestleiar.

Høgskulen på Vestlandet er involvert i 3 av 6 forskingsområde. Professor Lars Coenen ved Mohnsenteret ved HVL skal leie eitt av desse, som handlar om samspelet mellom samfunn og teknologi, sosiotekniske system og sosial aksept for å rulle ut hydrogenteknologi.

Professor Dhayalan Velauthapillai vil forske på nye metodar for å produsere hydrogen frå sollys. Vidare vil fagmiljøet ved høgskulen vere involvert i forsking på bruk av hydrogen i industrielle prosessar, skipsfart, havvind og offshore produksjon av hydrogen.

Delegasjonen frå HVL saman med leiaren for senteret Fionn Iversen. Frå venstre: Dhayalan Velauthapillai, Fionn Iversen, Velaug Myrseth Oltedal, Gro Anita Fonnes Flaten, Lise Bjørkhaug Gundersen og Øyvind Midtbø Berge. Foto: Privat.

Satsingsområde

– Fakultet for ingeniør- og naturvitskap ved HVL, kjem til å ha sentrale forskingsbidrag i det nye senteret på hydrogen. Det er utruleg kjekt at heile fire av våre institutt og senter bidreg i det nye hydrogensenteret, og at vår eigen Velaug Oltedal får ei viktig nestleiarrolle i senteret, kommenterer Øyvind M. Berge, prodekan for innovasjon og regional utvikling.

Berge legg til at kunnskapsutvikling og studietilbod innan hydrogen er eit satsingsområde for fakultetet.

– Vi ser fram til å bidra i det nye senteret saman med våre gode samarbeidspartnarar i Energiomstilling Vest. Vi ser at stadig fleire av studentane våre skriv oppgåver om hydrogenteknologi, og at våre etter- og vidareutdanningstilbod innan hydrogen er særs populære. Gjennom hydrogensenteret vil vi kunne styrke forskinga vår og med det studietilbodet innan hydrogen ytterlegare, avsluttar Berge.

Les meir om saka i pressemeldinga frå Norce.

Les meir om senteret på Hyvalue si nettside

Les meir om hydrogen ved HVL her.