Historia om barna, studentane, naturen og den vesle pannekakemusa
Rett ved fjorden er ein hage. På graset ligg store blad som lyfter seg når vinden tek tak. Brått kjem små barneføter. Dei kastar blada i lufta. Dei ler.
– Kom, hit! Eg høyrer noko, Maritha Berger Nylund vinkar borna til seg.
Dei bøyer seg ned mot ei grop i bakken.
– Der nede mellom røtene bur det ei lita mus, seier ho.
Maritha Berger Nylund og Kari Grutle Nappen jobbar ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet.
Dei held til på campus Stord, der ikkje berre studentar og tilsette har sin naturlege plass. Også barna i Villvettene barnehage er ei avgjerande brikke i dette landskapet.
Sjølve barnehagehuset finn du midt i det som vert kalla skulehagen, ein stor park nedanfor høgskulebygga. Men grensa mellom hagen og barnehagen er ikkje merka opp for å stenge nokon ute, eller inne for den del. Gjerdet og porten som rammar inn så mange barnehagar i landet, er rett og slett heilt borte.
Ikkje så stor, men full av jord
Lyden av små føter som sparkar borti dei tørre haustblada, blir sterkare og sterkare. Ein liten gjeng er på veg opp for å hauste noko av det dei sådde i vår.
Barnehagen har sin eigen del av hagen som dei steller. Dei er oppom nesten kvar einaste dag.
– Sjå denne her da! Ei av jentene viftar med ei gulrot. Den er ikkje så stor, men den er full av jord og luktar himmelsk.
– Vi kunne ikkje hatt denne hagen utan Villvettene. Dei passar på han heile året, seier Kari Grutle Nappen.
Studentane ved barnehagelærarutdanninga er ofte her saman med barna. Dei lærer av kvarandre, og dei utviklar området.
Gjennom å vere her saman lærer studentane å bruke naturen og nærmiljøet til ulike årstider. Dei eksperimenterer, utforskar, leikar og snakkar med barna. Og ikkje minst gir det dei rom for å reflektere over naturen sin verdi for ein god barndom.
– Nokre gonger har barna meir kunnskap om grønsakene enn studentane. Då ser du på barna at dei føler seg ekstra verdifulle, seier ho.
Det at barna kjenner seg verdifulle og at dei får lov til å delta på noko som er ekte, er noko av det Maritha og Kari er aller meste opptatt av.
– I barn sin oppvekst hender det relativt ofte at barna blir sett til side fordi det er enklare å gjere oppgåvene utan dei. Kanskje lagar ein maten utan barna fordi det går fortare, kanskje vil ein som vaksen berre ha ting gjort, fortel Nylund.
Men å utelate dei minste i praktisk arbeid, bør ein vere varsam med, meiner Nylund og Nappen.
– Dersom barna får ansvar, er dei også med på å påverka korleis ei oppgåve skal gjennomførast. Dei får ei anna forståing av seg sjølv i verda, og av naturen som dei er ein del av. Det betyr veldig mykje, seier Nappen.
Hovud, hjarte og hender
Desse små opplevingane er, om ein ser litt meir nøye på dei, faktisk veldig store. Dei handlar om å danne vennskap med naturen, og om å kjenne på at det vi gjer får konsekvensar.
– Det handlar altså ikkje berre om å lære med hovudet, men om å lære med både hovud, hjarte og hender, seier Kari Grutle Nappen.
Denne heilskaplege tilnærminga, der barn får bruke hendene til å skape noko konkret, byggjer ikkje berre ferdigheiter, men gjev også ei djuptgripande kjensle av ansvar for både oppgåva og fellesskapet. Når ein lærer å behandle naturen med respekt på denne måten, bidreg det også til at barna får viktig kunnskap om berekraft og deira plass i det.
Men ikkje alle dagar med praktiske oppgåver er lette og leikne.
Motstand og meistring
Nokre dagar er det surt og kaldt. Nordavinden riv i parkdressane, og både barn og vaksne tenker på at det hadde vore godt å vere inne.
Men grønsakhagen ventar. Får den ikkje omsorga den treng, kan verdifulle grønsaker bli øydelagde.
– Barna veit at alt ikkje er like kjekt, men det er ein del av det å bli utfordra til å gjere praktiske oppgåver. Og når ein har gjennomført arbeidet, kanskje blitt kalde og slitne, ja då kan dei kjenne på meistringa. Eg tolte det dårlege veret. Eg tolte den motstanden.
Barna har utført dagens praktiske arbeid i grønsakhagen. No skal dei attende til barnehagen sin.
Men vent litt! Høyrer vi ikkje nokre lydar borte ved pannekakemusene?
Maritha og ungane set seg på huk på nytt.
Pannekakemusene har meir å fortelje.
Historia om pannekakemusene blei til for mange år sidan då ein av dei tilsette i barnehagen kom litt for seint på jobb. Ho hadde gått forbi rota mange gonger, men denne morgonen utfalda det seg ei heilt spesiell historie. I staden for å forklare kvifor ho var for sein, fortalte ho barna kva ho hadde høyrt.
«Eg høyrte at dei ropte: Katrine! Nokre heilt små stemmer. Det var då eg såg desse bitte små musene.»
Etter denne morgonen blei musene ein viktig del av livet i barnehagen. Det blei fort klart at desse musene likte pannekaker, nett slik som barna.
Om å legge merke til det særeigne
– Når vi ikkje såg dei igjen, tenkte vi at dei kanskje hadde reist på ferie og at vi måtte skrive brev til dei, fortel Maritha.
Ho meiner nøkkelen for å vere ein god vaksen i barnehagen, er å stoppe opp og legge merke til det særegne i naturen.
– Ved å blande fantasiverda med det som skjer i naturen, kan vi til dømes lære mykje om mus. Dette blikket på naturen, jobbar vi også hardt for å få studentane til å sjå. Finn dei tryggheit i seg sjølv, og tryggheit i rolla, har dei gode moglegheiter til å lukkast med nettopp dette, seier Nylund.
Vil du lære meir?
- Robuste barn gjennom praktisk arbeid
- Natur- og gårdsbarnehager - en arena for helhetlig læring og bærekraftig utvikling
- Barnehagelærer - Høgskulen på Vestlandet
Tekst: Mari-Louise Uldbæk Stephan/Foto: Ingvild Festervoll Melien/Kari Grutle Nappen