Bevegelse opnar dører
Torbjørn Smith har heilt sidan han var liten vore fascinert av båtar, bilar og fly. Valet av studieretning vart derfor enkelt: 20-åringen skulle bli maskiningeniør.
– Eg valde Campus Bergen fordi eg ville bu heime og spare pengar, seier han og ler.
Torbjørn fann fort ut at å studere i heimbyen ville lønne seg på andre måtar òg. Bacheloren vil opne mange dører for han seinare, og han kan gå vidare på dei fleste masterstudium i ingeniørfag, også i utlandet.
Gode forelesarar
– Vi studerer eigentleg alt som har med bevegelse å gjere. Skulen har dyktige forelesarar som tilpassar undervisninga til næringslivet. Det gir oss ei større forståing av korleis teorien fungerer i praksis, fortel han.
På fritida seglar han ein gong i veka og spelar trommer i Bergen Frikirke. Elles likar sotraværingen å bruke fritida si på Kronbar for å gå på konsertar og møte kjente fjes.
– Nesten alle utdanningane held til i det same bygget. Det gjer miljøet veldig samansett og dynamisk. Det er moro å leve tett på så mange ulike menneske. Alt frå realistane som studerer ingeniørfag, til dei pedagogiske og empatiske lærarstudentane, seier han.
By med sjarm
Torbjørn er glad i heimbyen sin og har inntrykk av at dei fleste er einige om at Bergen er ein fantastisk studentby.
– Eg trur folk fell for byen fordi den har ein heilt spesiell sjarm. Spesielt dei som likar å gå på fjellturar, og dei som har ei interesse for musikk, trur eg vil stortrivast her, seier studenten.
Torbjørn - kort fortalt
Frå Sotra
Studium Maskiningeniør
Kvifor Campus Bergen Dyktige forelesarar og tett på næringslivet
Fritidsaktivitet Segling, trommer
Bergen med eitt ord Bergensarar
Alltid i skulesekken Kalkulator
Sosialt Kronbar