Campus Bergen under sykkel-VM

Høgskulebygga, bibliotek og kantine er opne som vanleg under sykkel-VM i veke 38, men transportmønsteret og reisetid til og frå campus i Bergen vil vere endra.

Under sykkel-VM og i dagane før og etter VM, er det store endringar i trafikken i Bergen. Fordi både studentar og tilsette kan få vanskar med reisevegen, blir det ikkje ordinær undervisning på Kronstad eller i Møllendalsveien i veke 38. Informasjon om undervisning, får du av faglærar.

Vi tilrår at du nyttar kollektivtransport til og frå høgskulen. Bybanen vil gå som normalt, men endeholdeplass blir Nonneseter/Bystasjonen. Hugs å berekne god tid.

På desse nettsidene kan du finne informasjon frå arrangøren, om kollektivtrafikk og kommunale tenester under sykkel-VM 2017: