Campus Sogndal opnar læringslab med rom for leik og læring

Den nye læringslabben på campus Sogndal er ikkje berre ein plass for forsking, læring og kompetanseheving – det er også ein leikeplass der det er lov å ha det gøy og prøve noko heilt nytt.

– Læringslaben er eit bevis på handfast vilje til å satse på utdanning. Dette er eit uhyre moderne og god arena for utvikling av digital kompetanse, så vi har all grunn til å være optimistisk, sa Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning. Ho sto for opninga av læringslab på Campus Sogndal i lag med prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland.

Dei er begge opptekne av å skape ein møteplass der saman kan utvikle kompetanse og sjå nye løysingar med utgangspunkt i teknologien.

– Høgskulen på Vestlandet er opptekne av å være ein arena for samarbeid og kontaktskaping. Vil vi være ein resurs – for studentane våre og tilsette, men også for eksterne aktørar, understrekte Resaland.

Naustdal klippar Naustdal klippar "snora" - som for anledningen var ein kabel.

Lov til å leike seg

– Her er det fantasien og ikkje teknologien som setter grenser for kva du kan gjere, seier Torkjell Einarson Venjum, som er vert i laben og rådgivar i Avdeling for utvikling av læring og undervisning ved Høgskulen på Vestlandet. Han har arbeida med å få alt i stand til opninga og gler seg til å invitere folk inn.

Torkjell Einarson Venjum er vert i læringslaben og gler seg til å ønske folk velkommen. Torkjell Einarson Venjum er vert i læringslaben og gler seg til å ønske folk velkommen.

Men kva er ein læringslab, eigentleg?

– Det kan samanliknast med eit bibliotek, men det du finn her er masse forskjellig utstyr. Går du med ein tanke om å lage podcast, vil du utvikle deg innan programmering, eller er du nysgjerrig på korleis ein 3D printar fungerer? Då er det berre å ta turen innom læringslaben, forklarer Venjum og understreker at det er rom for leik og moro her:

– Du trenger ikkje bruke dette til oppgåver eller forsking, men til utforsking. Leik er lov - ja, det er faktisk meir som ein leikeplass.

Styrkar den digitale kompetansen

I læringslaben er det mogleg å låne utstyr og få god hjelp og opplæring. Målet er å styrke den digitale kompetansen til studentar og tilsette ved gjere utstyr som er dyrt tilgjengeleg for fleire. Nettopp det er viktig meiner Ingvill Holmberg, student som sit i Arbeidsutvalget til Studenttinget på Vestlandet.

– Dette er veldig kult! Det gir studentar moglegheit til å prøve utstyr dei fleste av oss ikkje har råd til. Det er flott at dette er opent for alle, og at alle for moglegheit til å prøve noko nytt!

Ingvill Holmberg, student som sit i Arbeidsutvalget til Studenttinget på Vestlandet er spent på å bruke læringslaben. Ingvill Holmberg, student som sit i Arbeidsutvalget til Studenttinget på Vestlandet er spent på å bruke læringslaben.

Holmberg har allereie nytta seg av læringslabben i Bergen, men er glad for at tilbodet no også er å finne i Sogndal der ho studerer. Ho håper også dei tilsette og dei som underviser tar ein tur innom.

– Tida vi har vært gjennom no viser at det er fleire av oss som treng å styrke oss i det som har med digital læring å gjere og at det er mykje å hente her.

Meir rom til å skape  - saman

Til no har Høgskulen på Vestlandet opna læringslab i Bergen, Stord og Sogndal, men på sikt vil også Førde og Haugesund få læringslabbar. Håpet er å kunne knytte dei ulike campusane tettare samen.

– Teknologi gir oss større handlingsrom og moglegheiter til å skape. Det det gjer det også lettare å jobbe saman på tvers av campusane om ulike ting som for eksempel digitale sendingar, forklarar Venjum.

Læringslaben kan brukast både av enkeltpersonar og grupper som ønsker å utvikle seg innan læring, utvikle ny undervisning, eller prøve ut nye digitale arbeidsmåtar. Her kan du prøve ut og utvikle deg innan: 3D-printing, koding og programmering, VR/360, videoproduksjon, podkast, streaming og droneflyging.

Håpet er å også kunne samarbeide og invitere eksterne aktørar inn for å arrangere foredrag, seminar og anna.

– Dette er eit utruleg flott tilbod og eg håper det blir ein arena mange har lyst til å bruke.

Vil du vite meir om læringslab, sjå her: Læringslab - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Nysgjerrig på korleis Høgskulen på Vestlandet arbeider for å betre undervisning og digital kompetanse. Les meir her:

Styrkar støtte til undervisarar for betre utdanning og studentoppleving - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)