Digitale presentasjonar av bachelorprosjekt

Då den tradisjonelle EXPO-utstillinga i Bergen måtte avlysast grunna korona, utfordra Institutt for byggfag studentane til å presentere bachelorprosjekta sine på nye måtar. Resultatet blei ei rekkje vidoepresentasjonar som har blitt tilgjengelege for alle interesserte.

– EXPO har vore eit fint høve for avgangsstudentane å vise seg fram, både internt, men ikkje minst til framtidige arbeidsgjevarar.

Då utstillinga på campus blei avlyst på grunn av koronasituasjonen, måtte ein tenke nytt.

– Difor valde vi på Institutt for byggfag å endre formatet, slik at det blei lettare å spreie på digitale plattformer, fortel assisterande insituttleiar Loftur Thor Jonsson.

Oppgåva for studentane på byggingeniør, og landmåling og eigedomsdesign i Bergen blei difor å lage ein kort video der dei presenterte bachelorprosjekta sine.

Her kan du sjå presentasjonane av bacheloroppgåvene

Tok utfordinga

– Studantene var sporty og tatt utfordringa på strak arm og mange grupper har gjort imponerande videoar på kort tid. Dette er eit format som studentane kjenner veldig godt. Videoar er også lettare å formidle enn plakatar, og viss dei er interessante er det enkelt å spreie dei i ulike miljø. 

Oppgåvene spenner over eit breitt spekter av tema, frå sykkelplanlegging i tettbygde strøk, til dimensjonering av næringsbygg i tre. Dei fleste oppgåvene blir gjort i samarbeid med ei bedrift eller offentleg verksemd.