Eirinn skal representere HVL i Forskar Grand Prix

Eirinn Hesvik Ljones forskar på barnevern og er stipendiat i doktorgradsprogrammet helse, funksjon og deltaking ved HVL. Onsdag 25. september står ho på scena for å overbevise publikum og dommarar i den store formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix.

Tenk deg at du står på ei stor scene. Salen er fullsett. Stemninga er spent. Du har forska i på eit tema i hundrevis av timar. No har du fire minutt på deg. På fire minutt skal du formidle essensen i forskingsprosjektet ditt. Du skal snakke på ein måte som folk forstår, du skal fange merksemda til publikum, og du skal skape begeistring. Korleis ville du takla dette?

Stipendiat Eirinn Hesvik Ljones er ei av dei som har kasta seg ut i denne utfordringa. I konkurranse med ni andre deltakarar frå ulike forskingsinstitusjonar, står ho på scena når den beste formidlaren skal kårast i Forskar Grand Prix på Høgskulen på Vestlandet 25. september.

Blei lokka av profesjonell rettleiing

Eirinn forskar på barn med migrasjonsbakgrunn i fosterheimar* og korleis kontakt- og samværsordningar med foreldre og familie kan påverke identitetsutviklinga. Å formidle komplisert forsking på ein enkel og lettfatteleg måte er inga enkel øving, men gjennom trening, øving og opplæring får deltakarane god støtte i prosessen fram mot finalen. Eirinn fortel at sjansen til å få profesjonell rettleiing var ein viktig motivasjonsfaktor for å melde seg på:

– Formidling er noko vi jobbar med på ulike måtar, men å få sjansen til å få såpass tett oppfølging av ein coach saman med andre deltakarar, synest eg både verka nyttig og kjekt.

Ho legg til at deltakarane er godt i gang med førebuingane til konkurransen. Mellom anna har dei øvd på presentasjonsteknikk og lært om allmennretta formidling.

– Vi har til dømes blitt filma og fått tips og tilbakemeldingar frå ein profesjonell skodespelar på korleis vi opptrer. Vidare har vi jobba med eige manus og fått tilbakemeldingar som vi skal jobbe vidare med fram mot finalen.

Må tørre å leike litt

Ho synest opplegget har vore svært lærerikt så langt.

– Det handlar om å kunne tenke litt utanfor boksen. Det er så lett å ty til dei tradisjonelle powerpoint-presentasjonane, som for all del fungerer fint i mange samanhengar. Men å bli utfordra til å tenke meir kreativt og tørre å leike litt når ein presenterer har vore ei aha-oppleving for meg, fortel Eirinn.

Den største utfordringa under finalen trur ho blir å halde nervane i sjakk.

– Eg synest jo eigentleg dette er veldig skummelt. Å stå framfor masse folk og hugse kva eg skal seie blir utfordrande, men samtidig er det å lære seg å bli tryggare i formidling ein viktig motivasjon for å bli med, smiler ho.

Eirinn er omtrent halvvegs i doktorgradsstudiet ved HVL. Ho har sitt daglege virke ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge i Norce, og ho har tidlegare jobba i barnevernstenesta. Som forskar jobbar ho med å få fram forteljingane til born med migrasjonsbakgrunn i fosterheimar. Barnevernet har fått kritikk for å ikkje ivareta born sine kulturelle rettigheiter og for å ikkje jobbe godt nok med samvær mellom born og foreldre. Som forskar ønskjer ho å finne ut korleis dette kan samspelet kan bli betre.

– Å kunne snakke med dei det gjeld og deretter trekke seg tilbake og sjå det i eit stort perspektiv, er gjevande. Eg kjenner meg heldig som får lov til å jobbe med dette, avsluttar ho.

* Doktorgradprosjektet er knytt til ein større studie: Hjem og (dis)kontinuitet: Fosterhjem for barn med migrasjonsbakgrunn (HoMi).

Fakta om Forskar Grand Prix

  • Forskar Grand Prix er ein formidlingskonkurranse der 10 forskarar får fire minutt kvar til å engasjere publikum og dommarar

  • Konkurransen blir arrangert i regi av Forskningsdagene i Bergen og føregår i Mimes brønn ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen 25. september kl. 19.00.

  • Det blir kåra ein vinner og ein andreplass. Desse går vidare til den nasjonale finalen i Oslo 28. september.

  • På nettsida til Forskningsdagene i Bergen kan du lese om alle deltakarane i konkurransen.