Frå kunnskap til handling

No veit vi nok om dei alvorlege konsekvensane einsemd har for helsa. Det er tid for handling.

Det seier førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen ved Høgskulen på Vestlandet. Han forskar på einsemd og kva konsekvensar det har for helsa til folk.

– Resultata er eintydige. Å være einsam over tid har store negative konsekvensar for helsa. Det gir auka risiko for ein rekkje sjukdommar, som hjarte-karsjukdommar, hjerneslag og diabetes, seier Henriksen.

Som forskar har han eit klart råd til politikarane; no må kunnskapen føre til handling. 

– Vi må ta desse funna på større alvor. Mitt inntrykk er at Norge heng etter når det kjem til å kjempa mot einsemd. Det kostar samfunnet mykje pengar, i tillegg kjem sjølvsagt lidingane til kvar einskild, seier han.

Einsame lev kortare enn andre

Dei siste tiåra har det kome meir og meir kunnskap som viser at dei som er einsame lev kortare enn andre. Vi får og stadig meir kunnskap om kva sjukdommar som er knyta til einsemd.

Sjølv publiserte Henriksen for snart eit år sidan eit funn som viste at einsemd er ei direkte årsak til diabetes type 2, ein av verdas ti mest dødelege sjukdommar. Einsemd er på nivå med andre typiske risikofaktorar, som dårleg kosthald og lite fysisk aktivitet.

Forskinga, som han har gjort saman med kollegaane Roy Miodini Nilsen og Ragnhild Strandberg, blei publisert i det anerkjente tidsskriftet Diabetologia og fekk stor merksemd internasjonalt.

– Bodskapen om at einsemd kan gjere deg sjuk, er livsviktig å få ut til folk flest, så det kjennest fantastisk å nå ut til millionar av menneske!, sa Henriksen for eit år sidan då resultata blei kjende.

Vil redusera einsemda i samfunnet

I over 10 år har Henriksen forska på samanhengen mellom einsemd og sjukdom. Han har tidlegare påvist at einsemd kan føre til metabolsk syndrom, tilstanden som mellom anna ligg til grunn for hjarteinfarkt, og han har vist korleis gravide kvinner som manglar sosial støtte frå sine partnarar, føder barn med større fare for å få infeksjonssjukdommar.

– Med all kunnskapen vi no har om samanhengen mellom einsemd og sjukdom, meiner eg det er på tide å ta forskinga eit skritt vidare. No vil eg jobbe med korleis vi kan redusera einsemda i samfunnet, seier Henriksen.

Under Arendalsveka deltok han i debatten Gløymd i eigen heim – korleis forebygger vi einsemd blant eldre?, i regi av Norges Røde Kors. (sjå opptak av debatten i lenken)  

Eit av tiltaka dei diskuterte der var sosial resept, eller social prescribing, som det opphavleg heiter. Det oppstod i Storbritannia og inneber at fastlegar og anna helsepersonell kan tilvise ein person som er einsam til ein frivillig organisasjon/koordinator, som igjen inkluderer personen i fellesskap og sosiale aktivitetar i nærmiljøet.

– Fastlegar i Storbritannia såg at det følgde sjukdom med utanforskap og einsemd, og at nettverk og sosial arenaer var viktig for å fremme helse, seier Henriksen.

Sosial resept i mange land, men Noreg heng etter

No har sosial resept spreidd seg til ei rekkje land, og Verdas helseorganisasjon har laga retningslinjer for implementering av tiltaket.

– Over 20 land har tatt det i bruk, blant annet Japan, Kina og Canada. Også i Finland testar dei ut tiltaket. Alle land som har starta med sosial resept har oppskalert bruken. Dei ser at det har noko for seg, og at det blir mindre behov for å oppsøke helsetenester, seier Henriksen.

Han meiner Noreg heng etter. Her er utprøvinga ennå i det små. Hordaland Røde Kors har hatt ein pilot på sosial resept med nokre utvalte institusjonar og to fastlegekontor på Laksevåg utanfor Bergen.

– Desse kan tilvise pasientar til Røde Kors, som får dei med på sosiale aktivitetar. Det kan være alt frå kor og bridge, til noko heilt nytt ut frå kva vedkommande er interessert i, fortel Henriksen.

Han har no søkt om midlar til å forske på tiltaket, og håpar å starte opp med forskinga på nyåret. Då vil han måle effekt etter enda tiltak, som er 12 veker, og etter 6 og 12 månader.

– Det er mykje som tyder på at sosialt resept er lurt, men det er behov for å forska meir på det og å betra kvaliteten på studiane. Eg håper eg framover kan bidra med kunnskap som gjer at færre opplever einsemd og dei lidingane som følger med det, seier Henriksen.

Samansette årsaker

Han understrekar at alle toler å være einsame av og til. Det er den kroniske einsemda, den som varer over tid, som er farleg for helsa. Årsakene til dette er samansette.

– Ei årsak er det fysiske som skjer i kroppen når ein føler seg einsam over tid. Nivået av hormonet kortisol, det såkalla stresshormonet, aukar når ein er einsam, fortel Henriksen.

Kortisol gjer blant anna at blodsukkeret og blodtrykket aukar, noko som igjen aukar risikoen for ei rekkje sjukdommar.

Ein anna del av forklaringa er åtferdsendring. Personar som er einsame tar oftare enn andre uheldige helseval. Forsking viser at det er ein tendens til at dei et meir usunn mat og brukar meir tid framfor TV-en.

– Det er ikkje så rart. Alle kan la seg freista av å ligge på sofaen og ete snop. Då er det fint å ha ein partnar eller ven som kan gi eit hint når det blir for mykje av det gode, og som kanskje inviterer på ein spasertur, seier Henriksen, og held fram,

– Mange einsame manglar slik sosial kontroll, og då kan helsefarlege vanar ha lettare for å etablere seg. I tillegg er det slik at einsemd kan gje auka svoltkjensle. Det heng saman med dei fysiske stressresponsane i hjernen. Det er ikkje snakk om trøysteeting, men at hjernen gjer jobben sin – sørger for ekstra energi når livet er ekstra krevjande. Da er ikkje løysinga gode råd om kosthald og trening, men gode sosiale relasjonar, avsluttar han.

Relaterte saker

Ti års tankar om einsemd leia til funn med internasjonal slagkraft - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Glemt i eget hjem (Rapport om einsemd frå Røde Kors) (rodekors.no)