HVL skal integrere kunstig intelligens i lærarutdanninga gjennom europeisk samarbeid
HVL og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) har fått tilslag på to Erasmus+ lærarakademi som skal styrke og vidareutvikle KI-kompetansen til lærarar.
Dei to Erasmus+ lærarakadmia har prosjektnamn AI-Teach og ACT-AI Academy. HVL er viktig partnar i begge prosjekta som vil ha stor innflytelse på korleis lærarutdanninga skal vidareutvikle sin kompetanse innan kunstig intelligens. AI-Teach er koordinert av VIVES University of Applied Sciences i Belgia og ACT-AI Academy er koordinert av Frederick University på Kypros.
Prosjekta har ein totalramme på 1,5 millionar Euro kvar. HVL har fått 175.993,60 Euro til AI-Teach og 119.767,42 Euro til ACT-AI Academy. Begge prosjekta har oppstart første kvartal 2025 med ein prosjektperiode på 3 år.
Lærarutdanninga må vere med på utviklinga
Dette arbeidet svarar på auka interesse for kunstig intelligens i utdanningsmiljøet. Prosjekta representerer viktige framsteg på KI-feltet for å integrere moderne teknologi i lærarutdanninga, noko som vil bidra til å styrke både lærarane og elevane sin kompetanse.
HVL ser fram til å sjå dei positive effektane desse prosjekta vil ha på utdanning og forsking. Norsk lærarutdanning er i ein unik posisjon til å delta i utviklinga.
– Tilslag på store søknadar som desse vil gi gode faglege nettverk og utviklingsmoglegheiter. Det er også eit viktig signal om vårt ansvar som lærarutdanningsinstitusjon til å vidareutvikle gode og trygge verktøy for lærarar og elevar i skulen, seier prodekan for forsking i FLKI Vegard Fusche Moe.
Professor Oded Ben-Horin, studieprogramleiar Hans Mark Svedal, professor Gro Vatne Røsland og førsteamanuensis Jon Hoem har saman med ei gruppe andre forskarar ved HVL jobba med søknaden til AI-Teach og ACT-AI Academy.
Frå HVL er det fleire initiativtakarar og søknaden til ACT-AI er det Oded Ben-Horin, Hans Mark Svedal, Kerry Chappell og Lydia Heuling som har jobba fram. I AI-Teach er Gro Vatne Røsland, Jon Øivind Hoem og Dag Ove Vareberg med som ansvarlege for arbeidspakken. Seniorrådgivarar i AFII ved HVL, Einar Seime Stokka og Siarhei Piashkun har vore viktige bidragsytarar i arbeidet med søknadsprosessen.
Lærarakademiet AI-Teach
AI-Teach (Enhancing teachers’ AI Literacy) framhevar behovet for klare retningslinjer, opplæring og støtte til lærarane. AI Index-rapporten frå Stanford Institute viser ein stadig auka interesse for KI i utdanningsmiljøet.
Handlingsplanen for digital utdanning (2021-2027) understrekar behovet for å styrke digitale ferdigheiter og KI-kompetansar, inkludert innhaldsforståing, kritisk refleksjon og dataferdigheiter. Fleire undersøkingar viser at lærarar er bekymra og tilbakehalden med å implementere nye KI-verktøy i sine klasserom.
Lærarakademiet AI-Teach har som mål å utstyre lærarar med nødvendige ferdigheiter innan KI i utdanning gjennom eit skreddarsydd treningsprogram på 20 studiepoeng (ECTS). Akademiet fremjar også mobilitet blant lærarar for å utveksle kunnskap og erfaringar innan KI-kompetanse.
Målsetjinga er å etablere eit europeisk partnarskap for lærarutdanning og kontinuerleg fagleg utvikling, samt å utforme retningslinjer for KI-kompetanse som ein viktig del av lærarutdanninga.
ACT-AI Academy vil styrke utdanningskvalitet i Europa
ACT-AI Academy (European Academy for Teachers’ skills and competencies development for an effective AI Integration in education) har som mål å etablere eit pan-europeisk akademi for KI-integrasjon i utdanning. Prosjektet vil blant anna utvikle eit modulært opplæringsprogram basert på internasjonal litteratur, mikro-læring og universell utforming for læring. I tillegg skal dei utvikle ein interaktiv digital plattform.
For å realisere dette må lærarar ha nødvendig KI-kompetanse og ta opp etiske spørsmål. Prosjektet fokuserer på kritiske KI-kompetansar og tilbyr opplæring for lærarstudentar og lærarar, med mål om politiske tilrådingar og brei deltaking. Også frå underrepresenterte grupper. På den måten vil dei forbetre utdanningskvaliteten i Europa med støtte frå eit tverrfagleg nettverk av partnarar frå 8 land, inkludert UH-institusjonar, EVO-aktørar, kommunar og offentlege myndigheiter.
Målgruppa til kompetansepakken er lærarstudentar, yrkesaktive lærarar og skuleleiarar. Prosjektet skal bidra til å styrke utdanningskvalitet i Europa gjennom blant anna personifisering av læring, automatisering av administrative oppgåver og tilbakemeldingar, samt innsikt i studentprestasjonar gjennom data-analyse.