Etablering av understruktur i institutta

Sidan styrevedtaket om instituttstrukturen har ein arbeidd vidare med modellar for understruktur. Det nærmar seg no eit endeleg forslag, og når strukturen er godkjent vil aktuelle stillingar bli lyst ut internt.

Styrevedtaket om instituttstrukturen seier at rektor fastsett leiarstruktur på nivå 3 og 4, medan dekanane fastsett anna understruktur i fakulteta. 

Dekanane og fagmiljøa har sidan vedtaket arbeidd vidare med modellar for strukturen og vil snart leggje fram eit forslag til rektor. Rektor handsamar så innstillinga og ferdigstiller eit endeleg forslag. 

I tråd med Hovudavtalen skal den formelle organisasjonsstrukturen på nivå 4 i fakulteta forhandlast med dei tillitsvalde. Det er avtalt forhandlingsmøte den 10.11.

Etter at saka har vore forhandla og strukturen er godkjent, vil det bli vurdert om nokon kan ha rettskrav til nokre av stillingane. Dei aktuelle leiarstillingane vil så bli lyst ut internt.

Ein vil i fleire fakultet prøve å lyse ut prodekanstillingar til same tid, men dette kan variere. Målet er å få tilsett leiarane slik at dei kan starte i sine funksjonar 1.1.2018.