Stort nytt forskingsprosjekt – Etterlatte ved narkotikarelatert død (END)

Kvart år dør 250-300 personer i Noreg på grunn av narkotikabruk. Rusrelatert dødsfall, rusavhengige og dei pårørande sin situasjon er eit alvorlig folkehelseproblem.

Eit nytt stort forskingsprosjekt, «Etterlatte ved narkotikarelatert død» (END) startar opp i november ved Institutt for sosialfag og vernepleie ved HVL i Bergen.

Fagekspertar 

Prosjektgruppa som skal jobbe med dette temaet er leia av professor Kari Dyregrov. Prosjektgruppa skal forske i nært samarbeid med ei stor gruppe nasjonale og internasjonale fagekspertar på rus, stigma, traume, sorgreaksjon, helse og sosialtenesta og helsepolitikk.

– Gjennom media veit vi at det står svært mange utslitte etterlatne som har gjort det dei kunne for å stoppe ein øydeleggjande livsførsel til sine familiemedlemmar eller nære venner.

– Vi vil sjå nærare på dette folkehelseproblemet og studere breitt korleis dei etterlatne har det fysisk, psykisk, eksistensielt og sosialt, seier Dyregrov.

Det er mykje som tyder på at mange av dei etterlatne kjenner seg stigmatiserte eller ikkje orkar å få den hjelpa og støtta dei har behov for i etterkant. Dette skal ein no forske nærare på. Også korleis livssituasjonen deira verkar inn på deira eiga mestring står sentralt.

Pårørande sin kompetanse viktig 

Både i Nasjonal overdosestrategi (2014-2017) og i Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016-2020), framhevar ein målet om «å betre hjelpetilbodet til pårørande og nærståande som har behov for bistand etter overdosedødsfall». Vidare blir det presisert  at «Brukarane og dei pårørande sine eigne erfaringar og kompetanse skal vektleggast sterkare i utforminga av tenestetilbodet til desse målgruppene». Det er altså eit tydeleg behov for meir forsking på feltet nasjonalt.

Prosjektgruppa skal også sjå nærare på, i kva grad hjelpeapparatet fangar opp dei etterlatne og om dei får den støtta og hjelpa dei treng og fortenar.

– Vi vil sjå på korleis dei etterlatne blir behandla i sine sosiale nettverk og i lokalsamfunnet sitt. Ved å analysere ulike data kan vi finne fram til viktige «risiko- og recoveryforhold». Det kan vere livskvalitet og opplevingar av stigma, eller sorgreaksjonar og manglande hjelpetiltak, eller på den positive sida; god bruk av eigne ressursar og hjelpetiltak, forklarar Dyregrov. 

Fire delstudiar 

Forskingsprosjektet er delt inn i fire delstudiar med desse hovudproblemstillingane:

Delstudie 1. Kva konsekvensar og belastingar har narkotikadødsfall for nære etterlatne?
Delstudie 2. Kva hjelp og støtte opplever dei etterlatne at dei får i forhold til opplevd behov, og kva hindrar/fasiliterar adekvat hjelp?
Delstudie 3. Korleis avspeglar etterlatne sin fungerande tilstand, sett i samanheng med registrerdata ang. fråvær frå arbeide og reseptregisterdata/medisinbruk?
Delstudie 4. Korleis handtere helse-og sosialtenesta narkotikadødsfall, og korleis blir støtte til etterlatne optimalisert i samspel med dei etterlatne og deira sosiale nettverk, og frivillige organisasjonar?

Les meir om metode, utval og analysemåtar for forskingsprosjektet

Konferanse

For å markere starten på dette forskingsprosjektet, inviterer Høgskulen på Vestlandet og Bergen kommune til ein konferanse om temaet den 16. november. Her vil etterlatne, internasjonale og nasjonale fagekspertar og politikarar løfte fram tema som sorg, stigma, og hjelpetiltak. I tillegg blir eit spanande teaterstykke framført av ein som sjølv mista fire av sine næraste.

– Konferansen er relevant for pårørande, etterlatne, berørte, fagpersonar, politikarar og studentar, seier Kari Dyregrov og minner på at påmeldingsfrist er 31. oktober!

Konferansen er GRATIS, men bindande. Lese meir om konferansen og melde deg på innan 31. oktober. Har du spørsmål om konferansen? Send e-post til kdy@hvl.no