Får 7,5 millionar i støtte til nytt og framtidsretta laboratorium

Frå sommaren 2026 vil studentar i brann og maskinteknikk i Haugesund få hands-on erfaring med risiko og utfordringar dei elles berre kan lesa om i pensum. No har prosjektet fått 7,5 millionar kroner frå Ulla Førre-fondet.

«Reint laboratorium» ved HVL er eitt av fem prosjekter som får støtte frå Ulla Førre-fondet på vegne av Rogaland fylkeskommune. Fondet gir støtte til prosjekta som omfattar grøn omstilling av næringsliv og utvikling av høgare utdanning i fylket.

Reinare forsøksforhold

Fysikkprofessor Vidar Frette leiar prosjektet og gler seg over dei tildelte midla frå fylkeskommunen.

- Det er stor stas og svært inspirerande for fagmiljøet.  Eit skikkeleg løft for Haugesund og regionen. Vi er sikre på at eit slikt framtidsretta bygg vil vere av stor verdi for campus Haugesund, fagmiljøa (brann og maskinteknikk) i mange år framover, seier Frette.

Prosjektet (bygg pluss utvikling av aktivitet) vil bli gjennomført av ei større gruppe fagtilsette ved HVL fram mot sommaren 2026. Til saman 10 personar er med. Fordelt på tre arbeidsgrupper skal dei utvikla bygg, forsking, industrielt retta aktivitet, bruk i kurs og til studentoppgåver. 

- Vi skal bygge eit heilt nytt, stort laboratorium.  Vi har kalla det for «Reint laboratorium» fordi det skal ha mykje reinare forsøksforhold enn det typisk er når vi utforskar brann og andre måtar det kan gå galt på. Det blir eit fokus på elektrisk utstyr og elektrifisering, og då passar det ikkje så godt med forholda (sot, støv, tjøreavsetningar) som ikkje er til å unngå i eit vanleg brannlaboratorium, forklarar prosjektleiaren.

Ein møtestad for studentar, industri og forskarar

Laboratoriet skal vere reint på to andre måtar:  Dei som gjennomfører forsøka skal vera godt skjerma mot eksponering for farlege stoff - og utslepp til ytre miljø skal vere så mykje redusert som nyaste reinseteknologi tillèt. Tanken er at laboratoriet skal vere ein møtestad for studentar, industri og forskarar, og skal nyttast til utprøving av maskinar, apparat og komponentar som har med elektrifiseringa av samfunnet å gjera.

Laboratoriet skal kunne brukast både av studentar til demonstrasjonar og øvingar knytte til kurs, bachelor- og master-oppgåver, interne og eksterne forskarar og regional industri for utvikling og utprøving av nye produkt.

Også forsøk innanfor fornybar energi

- Sjølv om elektrifisering og risiko for brann og annan svikt vil bli eit hovudtema, ønsker vi òg at laboratoriet skal brukast innan fornybar energi.  Gir til vindturbinar kan vere eit døme - eit tema ein fagtilsett ved HVL-Haugesund har arbeidd med, seier Frette.

Det er sett opp ein utviklings- og byggeperiode på 2.5 år.  Det betyr at bygget skal stå ferdig sommaren 2026. 

- Det er mange sider ved bygget som må detaljplanleggast. Dette er langt frå eit A4-bygg. Vi vil planlegge aktiviteten i bygget i parallell med bygget, slik at alle typar aktivitet startar opp så snart bygget er ferdig, seier Frette.