Får pengar til mobilitetsprosjekt i Romania
I eit nytt mobilitetsprosjekt om berekraftig entreprenørskap skal HVL samarbeide med Odvidius Universitet i Romania. Prosjektet har fått tildelt 186 000 euro, og berekraft, kultur, identitet og globale kriser står på agendaen.
Entreprenørskap, mangfaldsleiing og tematiserte opplevingar er med i verktøykassa når Fakultet for økonomi og samfunnsfag (FØS) på campus Sogndal reiser til sin nye samarbeidspartnar i Constanta, Romania.
-Eg trur vi har mykje å tilføre kvarandre og ser fram til å gjennomføre prosjektet, seier prosjektleiar Helene Maristuen.
Med seg i prosjektet har ho kollega og høgskulelektor Hildegunn Loftesnes som underviser og forskar innan mangfaldsleiing og førsteamanuensis Lars Leer som underviser og forskar innan samfunnsvitskap og utviklingsstudiar, i tillegg til nokre kollegaer innan entreprenørskap.
Målsetningane til prosjektet er å betre utdanningane ved begge universiteta gjennom entreprenørskap, temabasert reiseliv og mangfaldsleiing. Dei tilsette ved Ovidius universitet skal lærast opp, ein skal tilby utveksling for studentar både i Noreg og Romania, og samarbeide med lokale og regionale bedrifter både i Romania og på Vestlandet.
Søknad til europeisk universitetsallianse
Bakgrunn for søknaden til mobilitetsprosjektet er at Ovidius Universitet og HVL også samarbeider om ein søknad til ein europeisk universitetsallianse saman med fem andre utdanningsinstitusjonar i Europa. Søknaden dei skal sende inn i 2022 har ein visjon om å fremje berekraftig mobilitet.
I arbeidet med søknaden til den europeiske universitetsalliansen kom det fram at Ovidius universitet ønskte å lære meir om korleis dei kan arbeide med berekraftig entreprenørskap og korleis dei kan dra nytte av digitale løysingar i undervisning og forsking.
-Eg såg det då som naturleg å ta kontakt med Helene Maristuen ved Institutt for økonomi og administrasjon, seier førsteamanuensis Lars Leer.
Han er FØS sin representant i arbeidet med søknaden til den europeiske universitetsalliansen og tok initiativ til søknaden om mobilitetsprosjektet.
Maren Stallemo, seniorrådgjevar og fagansvarleg for internasjonale prosjekt ved avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII) har rettleia arbeidet med søknaden.
-Det er spennande å sjå synergieffektar allereie, sjølv om søknaden ikkje er sendt enno, seier ho.