Mange vil studere på deltid

Ei tydeleg trend er at fleire vil studere på deltid, og ta nettbaserte studium ved Høgskulen på Vestlandet.

Etter fjorårets rekordsøking til sjukepleiarstudiet i Bergen, går søkartala no tilbake. Den same trenden viser seg nasjonalt. Trass i nedgongen er sjukepleie likevel det mest søkte studiet både i Bergen, Førde, Stord og Haugesund ved Høgskulen på Vestlandet.   

Fleire helse- og sosialfagutdanningar opplevde auka søkartal i fjor, no har trenden snudd og både ergoterapi, fysioterapi, radiografi og sosialt arbeid går tilbake i talet på førstevalssøkarar. For ergoterapi og fysioterapi er dette ein del av ei nasjonal trend.

- At søkartala til sjukepleiarstudiet går litt tilbake var venta. Vi opplever framleis at sjukepleiarstudiet i Bergen er eit av dei mest søkte studiane ved Høgskulen på Vestlandet. Vi ser også at andre helse- og sosialfaglege utdanningar går tilbake. Kva som er grunnen til dette vil vi sjå nærare på, seier prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik.

Høgskulen på Vestlandet går litt ned i talet på førstevalssøkarar samanlikna med rekordåret i fjor då auken var på heile 8,2 prosent. Nedgongen for HVL i år er på 1, 2 prosent. Nasjonalt går årets søkartal opp med 2,2 prosent.

Bjørg Kristin Selvik

Mange vil studere deltid - vernepleie svært populært

Trass i at fleire helse- og sosialfagutdanningar går ned, er det stor interesse for tilsvarande utdanningar på deltid. Her utpeikar vernepleiarutdanning deltid seg som ein klar vinnar i årets søkartal. Også sjukepleie på deltid har svært gode søkartal.

Både i Haugesund og Sogndal har rekordmange søkt seg til deltidstilboda på vernepleie. Studietilbodet i Haugesund er eitt av Høgskulen på Vestlandet sine ti best søkte studiar i talet på førstevalssøkarar.

- Dei gode tala på vernepleie deltid ser vi følger ei nasjonal trend. Vi ser også at nettbaserte studiar og deltidsstudiar blir stadig meir populære. Mange ønsker nok å ta ei deltidsutdanning ved sida av å vere i jobb, seier prorektor Bjørg Kristin Selvik. 

Rekordsøking til branningeniør

I Haugesund sprenger søkartala til branningeniørstudiet alle rekordar. Utdanninga har ei  firedobling av førstevalssøkarar samanlikna med i fjor, som betyr at 112 personar har satt studiet som sitt førsteval mot 25 i fjor. Det er 20 studieplassar på utdanninga.  

Søkartala til resten av ingeniørutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet held seg stabile, slik trenden også er nasjonalt.

- Vi er veldig glade for den formidable auken i søkartala til branningeniørstudiet, som er det einaste studiet i sitt slag i Noreg. Vi veit at denne kompetansen er etterspurd, og at kandidatane får jobb etter studiane, seier prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik.

Økonomiske fag populære

Interessa for å studere økonomiske og administrative fag ved Høgskulen på Vestlandet er framleis stor både i Bergen, Haugesund og Sogndal. Søkinga til utdanningane ved høgskulen er litt høgare enn dei nasjonale søkartala.

Også eigedomsmekling i Sogndal går så det susar. Med 145 førstevalssøkarar til 40 studieplassar, har studiet hatt ei søknadsauke på 75 prosent samanlikna med i fjor.

Færre søker grunnskulelærarutdanning

Søkinga til grunnskulelærarutdanningane går også dette året ned ved høgskulen. Nedgongen er likevel mindre ved høgskulen, enn den nasjonale tilbakegongen. Ved høgskulen er det søkinga til grunnskulelærarutdanninga 1-7 som går mest ned.

Til barnehagelærarutdanningane held søkartala seg stabile for HVL, men går litt ned nasjonalt.

- Vi hadde svært gjerne sett at fleire søkte seg til grunnskulelærarutdanningane våre, men her er vi del av ei nasjonal trend. Det er ingen tvil om at det er behov for mange nye grunnskulelærarar i denne regionen og i heile landet dei komande åra, seier Selvik.

Topp 10 studium HVL– flest førstevalssøkarar

1. Sjukepleie, Bergen – 961  
2. Økonomi og administrasjon, Bergen – 610
3. Fysioterapi, Bergen – 538  
4. Sosialt arbeid, Bergen – 479
5. Vernepleie, Bergen – 301
6. Vernepleie, deltid, Haugesund - 265
7. Barnehagelærar, Bergen - 253
8. Sjukepleie, Haugesund – 250
9. Sjukepleie, Førde – 164
10. Bioingeniør, Bergen – 163