Filmvisning av BARNkunne sin Havportrett i Øygarden kommune

I ein 33 minutt lang dokumentarfilm møter vi barnehagebarn i Øygarden som får vera med og utforska livet både under og over vassflata. Filmen frå Knappskog barnehage i regi av BARNkunne og Medielab (HVL) vann prisen i sterk konkurranse med 27 andre kandidatar frå heile verda på Tromsø Educational Film Festival den 15. mars.

Professor i barnehagepedagogikk og forskingsleiar på BARNkunne på Høgskulen på Vestland, Elin Eriksen Ødegaard, kunne røpa at kanskje vert filmen vist på NRK Kunnskapskanalen ved seinare høve. Filmprosjektet har fått støtte frå Forskingsrådet og Norsk kulturråd. 

Tidlegare i år vann filmen Havportrett – barna ved Nordsjøen pris for beste utdanningsfilm under filmfestivalen Tromsø Educational Film Festival (TREFF).

Det var stort for Roselin Wilborn Larsen (til venstre) og Ella Sofie Dale Gustavsen å få vera med påRoselin Wilborn Larsen (til venstre) og Ella Sofie Dale Gustavsen var to av barna som kjende på ekstra spenning i kroppen då den prislønte filmen Halvportrett vart vist i kultursalen på Øygarden rådhus. 

Eriksen Ødegaard er leiar for One Ocean Utforsking, med Eya Oropilla som medforskar. Dette er eit prosjekt om barn og deira utforsking og forståing av havet. Formålet er å studera og forstå utforsking i samarbeid og korleis ein kan byggja opp ein pedagogisk kultur for utforskinga til barna. Samarbeidet mellom forskarar og barnehage kan bidra til at nye generasjonar får kunnskap om havet.

Filmen er laga av Ferruccio Goia. Kunstpilotene ved Andre Marandon og Anette Marandon losar barna gjennom det spennande møtet med naturen langs stranda og sjøen. Barna fekk vera med på ein prosess med å laga papir, alt av og i naturen. I tillegg til barna og kunstnarane deltek barnehagetilsette og forskarar i filmen. På slutten av filmen er det utstilling i lyngheia like ved barnehagen på Knappskog.

Elin Eriksen Ødegaard er begeisrta for utstillinga frå Klokkarvik barnehage. 

Også Spildepollen kystbarnehage har delteke i dette kunst- og forskingsprosjektet. Her kan du lesa meir kva barna der har vore med på.

Og kunnskap om havet og kystkulturen er også hovudtema i ein kort film laga i Klokkarvik barnehage. Denne filmen vart også vist på samlinga tysdag ettermiddag. Her får barna eit møte med kystkulturen og bestegenerasjonen som er dei beste til å formidla denne kulturhistoria. Målet er å gje kunnskap om kystkulturen og havet til nye generasjonar. Prosjektet har vart mellom anna gjennomført i samarbeid med Sund kystlag og båtlaget i Moloen.

Relevante artikler: