Fulltreffar med nytt forskingsprosjekt

Dei henta inspirasjon frå New York University om bærekraftig teknologibruk. No har Norges Forskingsråd tildelt fagmiljøet ved campus Stord åtte millionar kroner for å utvikla ny kunnskap om bærekraftig teknologibruk innan estetiske fag og språk i barnehagen.

Sist veke kom gladmeldinga til campus Stord og fagmiljøet som på ny har nådd fram med ein stor forskingssøknad. Også denne gongen i FINNUT-programmet, men no som kompetanseprosjekt.

- Dette er veldig kjekt, seier assisterande prosjektkoordinator og forskar Ingrid Grønsdal.

Rammene for det treårige prosjektet handlar om å jobba fram ny kunnskap for god og bærekraftig teknologibruk innan estetisk fag og språk i barnehage. Den grunnleggjande metoden er "Sustainable digital practises". Den er skapt av professor Magne Espeland på campus Stord på bakgrunn av kontakt med New York og tidlegare variasjonar av prosjektideen.

Ingrid Grønsdal og prosjektleiar Knut Steinar Engelsen utdjupar:

- Denne teknologibruken tar utgangspunkt i barns kroppslege måte å leika og utforska på. Eitt av måla våre er å prøva ut ein type teknologi som ikkje baserer seg på skjermbruk, men på å gjera rom og gjenstandar i barnas leik om til lydlege og estetiske ting som barn kan sansa gjennom berøring.

Dei fortel at det overordna målet for prosjektet er å utvikla ny, forskingsbasert kunnskap om kva som kan kjenneteikna berekraftige digitale praksisar .

- Resultatet av prosjektet skal bidra til å etablera eit kompetanserammeverk for personale i barnehagefeltet og tilsettte og studentar innan barnehagelærarutdanning.
 
Ingrid Grønsdal seier at utprøvinga og kompetanseutviklinga skal skje i samarbeid mellom tilsette i barnehagar i Stord og Tysnes, studentar og forskarar innan kunnskapsområdet «Kunst, kultur og kreativitet» ved barnehagelærarutdanningane på campus Stord.

I prosjektet er det og lagt inn ei stipendiatstilling.

Det nye forskingsprosjektet strekkjer seg tre år tilbake.

- Det starta som eit resultat av eit møte mellom musikkmiljøet på Campus og Dr. Alex Ruthmann ved New York University for tre år sidan.  

- Her vart me introdusert for dette forskingsfeltet og me starta utvikla prosjektideen, som me no har fått igjennom.

Frå campus Stord er det med fleire forskarar frå fleire fagmiljø: Magne Espeland, Vigdis Vangsnes, Liora Bresler, Alex Ruthmann, Ingrid Grønsdal, Kirsti Aksnes, Katrine Borgenvik, Hannah Belsvik Hansen og Liv Ingrid Fjellanger.

Prosjektet startar opp hausten 2017.
 
DigiSus var eitt av seks prosjekt som fekk midlar i denne tildelingsrunden av FINNUT. 46 prosjekt konkurrerte om midlar, noko som gir 13 prosent sjanse for gjennomslag. Prosjektet er kopla til CASE-senteret ved campus Stord.

Det nye prosjektet er det niande forskingsprosjektet som lærarutdanninga ved campus Stord har fått tildelt frå Noregs forskingsråd dei siste 10 åra. Samla sett har lærarutdanninga henta inn over 75 millionar kroner i forskingsmidlar frå Norges Forskingsråd gjennom desse åra.