Gir retning til framtidas studieportefølje

Kompetansebehov, campus, økonomi, forsking og fleksibilisering. Langs desse fem stolpane skal morgondagens studieportefølje i HVL utviklast vidare.

Sist veke vedtok høgskulestyret  fem overordna prinsipp som skal vere retningsgjevande for utviklinga av den eigenfinansierte studieporteføljen i høgskulen. 

Heilskapleg vurdering

– Bakgrunnen for at høgskulen vedtok desse prinsippa er mellom anna at regjeringa i utsynsmeldinga har bede universitet og høgskular om å prioritere nødvendig kompetanse for å gjennomføre det grøne skiftet og sikre gode velferdstenester og eit konkurransedyktig næringsliv i heile landet, seier prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal i HVL.

Ho fortel at ein no både nasjonalt og lokalt ser ein auka ubalanse mellom søkjarane sin etterspurnad og behova som vert meldt frå arbeidslivet og via politiske signal.

–  Søkjargrunnlaget er best i dei største byane og dette utfordrar oss konkret på å enda betre klare å gjere studietilboda ved dei mindre campusane våre attraktive.

– Vi må ha ein heilskapleg vurdering av desse prinsippa i HVL. Vi må gjere krevjande avvegingar av kostnader, kvalitet og samfunnsbehov. Konkret må vi vurdere kva utdanningar som skal skalerast opp eller ned for å bidra til å nå prioriteringar og overordna sektormål, seier Naustdal.

Dette er dei fem overordna og retningsgjevande prinsippa:

Dette er dei fem overordna og retningsgjevande prinsippa:

  • Framskrivingar om kompetansebehov i nasjonalt og regionalt arbeidsliv
    skal ligge til grunn for utvikling av studieporteføljen.
  • Utviklinga av studieporteføljen er avgjerande for at alle campusane skal styrkje seg som attraktive studiestader. Fakulteta skal, i samarbeid på campus, men også på tvers av campus, utvikle studietilbod som er etterspurt av studentar og arbeidsliv.
  • Studieporteføljen skal vere økonomisk berekraftig
  • Studieporteføljen skal vere kjenneteikna av studieprogram med tett kopling til aktive forskingsgrupper
  • Studieporteføljen skal auke tal studieprogram og emne som kan bli tilbydd til fleire enn heiltidsstudenten

Må balanserast godt

– Vi ser at nokre av prinsippa kan stå i motsetnad til kvarandre. Til dømes kan kompetansebehova i samfunnet stå i motsetnad til campusbehov. Dette må balanserast klokt, seier Naustdal.

– HVL har utfordringar med rekruttering til nokre sentrale studietilbod, og for å fylle studieplassane i størst mogeleg grad må vi difor gjere nokre gode grep. Korleis skal vi til dømes klare å gjere studietilboda våre ved dei minste campusane attraktive. Dette er store og viktige spørsmål som er avgjerande for oss.