Slik var Forskingsdagane 2024
– Formidling av forsking til allmennheita blir stadig viktigare for å sikre at ny kunnskap når ut til fleire, seier Christine Øye, prorektor for forsking ved HVL. Ho deltok på Forskingsdagane i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord.
- Kva betyr søvn for læring og hukommelse?
- Kvifor er jord, ugras, makk og planter viktig for både store og små?
- Blir det eit comeback for Donald Trump?
- Korleis kan lys og mørke brukast som behandling?
- Kva moglegheiter og avgrensingar har ny teknologi i framtidas helsevesen?
- Kva er eigentleg helsegevinstane ved å sykle på el-sykkel?
- Korleis kan ein bruke robotikk til rehabilitering av slagpasientar?
- Har norsk maritim næring det som skal til for å lukkast i det grøne og digitale skiftet?
Dette var nokre av dei mange spørsmåla som blei tatt opp på Høgskulen på Vestlandet sine arrangement under Forskingsdagane i år.
Ifølgje prorektor Christine Øye er Forskingsdagane er ein helt spesiell festival som gir forskarar ei verdifull muligheit. Ved å trene på å formidle forskinga si på ein kort og konsis måte, opnar ein også for nysgjerrig respons fra publikum.
Forsking som gjer ein skilnad
– Å vere på alle fem campus under forskingsfestivalen har vore givande! Eg har hatt gleda av å møte engasjerte forskarar som arbeider med forsking som er høgst relevant og som har potensiale til å gjere ein skilnad, seier ho.
Prorektoren framhevar at formidling av forsking til allmennheita er ein del av vårt ansvar som forskarar.
Motvekt til desinformasjon
– God forskingsformidling som er vitskapleg fundert er ei kraftig motvekt mot desinformasjon og "fake news". Våre stemmer er viktige for å bidra til ein opplyst og kunnskapsbasert samfunnsdebatt.
Helsa var det overordna tema for Forskingsdagane i år var. Dette gav ei god ramme for mange av arrangementa, samtidig som det var rom for å formidle problemstillingar knytt til andre tema.
Arrangementa under paraplyen Forskingsdagane retta seg mot målgrupper og hadde ulikt format. Her kjem bildeglimt frå ein del av arrangementa vi har hatt i år:
Forskingsdagane blei opna ved HVL, campus Haugesund. Her er professor II ved HVL Geir Sverre Braut og statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Usman Ahmad Mushtaq.
Stipendiatane innan helseforsking ved HVL og Helse Førde lanserte sin nye podkast Forskarsnakk med sosial talkshow-kveld på restauranten Elvesus.
Professor Dhayalan Velauthapillai fortalte elevar om neste generasjons solceller under Forskingsdagane Ung i Bergen.
Kommunikasjonsrådgjevar Katrine Sele i samtale om einsemd saman med førsteamanuensis Kari Eldal og førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen.
Førsteamanuensis Simon Norheim Colclough var ein av HVL-forskarane som hadde innlegg under Maritim forskings- og innovasjonskonferanse i Haugesund.
Prorektor for forsking Christine Øye i samtale om rehabilitering med førsteamanuensis Runar Tengel Hovland, fysioterapeut Jeanette Svarstad og professor Erik Kyrkjebø.
Høgskulelektor Maritha Berger Nylund og dei to førstelektorane Annette Kristoffersen Winje og Sissel Jeanette Aastvedt Halland i samband med seminaret om demokrati på HVL, campus Stord.
Forskar Grand Prix blei arrangert i Mimes Brønn på HVL, campus Bergen.
Professor Knut Rydgren var ein av forskarane som deltok på speedforsking under Forskingsdagane ved HVL, campus Sogndal.
Kommunikasjonsrådgjevar Katrine Sele i samtale om barn og jord på Vie andelslandbruk saman med Marit Bendz og professor Elin Eriksen Ødegaard frå BarnKunne - HVL sitt senter for barnehageforsking.
Postdoktor ved HVL Kjersti Marie Blytt og UiB-forskar Elisabeth Flo Groeneboom snakka om søvnen sine mange mysterium til elevar i vidaregåande skule under Forskingsdagane Ung i Bergen.
5. klassingane i lot seg fascinere av det maritime simulatorsenteret. Under forskartorget på HVL, campus Haugesund fekk dei innblikk i fagmiljø innanfor maritime studiar, ingeniørfag og helsefaglege utdanningar.
Fullt hus og vel så det under open forskarkveld på HVL, campus Haugesund. Tema var søvn, mat og kosthald.
HVL-forskar Amund Riiser fortalde om dei helsemessige gevinstane av å bruke el-sykkel under faglunsjen på HVL, campus Sogndal.
Heller ikkje HVL-professor Hilmar Mjelde veit kven som vinn USA-valet, men han gav gode innsikter til elevane som var på Forskningdagene Ung i år.
Om Forskingsdagane
-
Forskningsdagene er ein nasjonal årleg festival der forsknings- og kunnskapsbaserte institusjonar i heile landet viser fram si verksemd for allmenheita.
-
Målsetningene for festivalen er å:
- skape begeistring og forståelse for forsking
- formidle kva forskningen og resultata betyr for oss i vårt daglige liv
- vekke interesse i media for forsking og forskingsresultat
- Høgskulen på Vestlandet si rolle i Forskingsdagane er litt ulik mellom dei enkelte campusane.
- I Bergen er HVL medlem av fellesarrangementet «Forskningsdagene i Bergen», som er eit samarbeid med andre forskingsinstitusjonar med eit eige sekretariat.
- I Førde, Sogndal og Haugesund og på Stord er HVL hovedarrangør, men søker å inngå samarbeid med andre relevante institusjonar.
- Avdeling for kommunikasjon, Avdeling for samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring og Biblioteket koordinerer programarbeidet.