God nytte av norskkurs

Guillaume Frederic Lapeyre er ein av dei som har nytta seg av gratis norskkurs for framandspråkleg tilsette ved HVL.

Høgskulen har mange tilsette med framandspråkleg bakgrunn, og dei siste to åra har rundt 70 tilsette tatt kurs for å lære seg norsk. 

I samarbeid med eksterne offentlege kursleverandørar tilbyr HVL kurs i norsk for framandspråkleg tilsette ved av alle dei fem campusane. Det er også mogleg å ta digitale nettkurs i regi av Bergen læringssenter for norsk og samfunnskunnskap.

– Kvar enkelt leiar har ansvar for å ta imot nye medarbeidarar i si eining. Det er viktig at leiarar hugsar å informere om kurstilbodet ved dei ulike campusane når dei tilset framandspråklege med behov for norskopplæring , seier HR-rådgivar Siren Erichsen. 

Guillaume ville lære seg norsk

Ein av dei som har nytta seg av kurstilbodet er franskmannen Guillaume Frederic Lapeyre. Han starta å jobbe ved HVL i 2021 og er klar på at han ville gå på eit fysisk kurs når han først skulle lære seg norsk.

– Vi var ei gruppe på 10 – 12 elevar som møttest to gangar i veka etter jobb frå klokka 17. 000 – 20.00. Det var eit godt pedagogisk opplegg med lærarar som var vane med å undervise i norsk til utlendingar.  I tillegg var det nyttig å møte andre tilsette ved HVL på kurset som eg elles ikkje hadde møtt, fortel han.

Guillaume gjekk på kurs i regi av Bergen Læringssenter for norsk og samfunnskunnskap. Til dagleg er han rådgjevar i Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII) ved campus Bergen. Sidan han jobbar med internasjonalt arbeid knytt til eksternfinansiering og forskingsprosjekt, går det meste føre seg på engelsk. Guillaume er likevel klar på at han ville lære seg norsk:

– Eg treng ikkje norsk i arbeidskvardagen min, men det nødvendig å kunne språket for å jobbe i avdelinga, poengterer han. 

Snakk norsk med den framandspråklege kollegaen din!

Å lære seg eit nytt språk er ein lang prosess. Guillaume legg ikkje skjul på at det til tider kunne vere tungt å sette seg på skulebenken etter jobb, men er likevel klar på at det måtte til:

– Vil du lære fort bør du gå på kurs to gangar i veka, meiner han.

Han legg til at kursopplegget var veldig fleksibelt, med moglegheiter for å bytte kurs undervegs som var tilpassa den enkelte sitt nivå.

Å gå på kurs er likevel ikkje det einaste som trengst for å bli god i norsk. Det er også svært viktig at arbeidsmiljøet rundt bidrar slik at den som går på kurs får praktisert språket.

– Det er viktig at kollegaane mine også er «norsklærar» for meg. Å få tilbakemelding og oppmuntring frå kollegaer er nyttig. Då forstår eg at eg har framgang og at norskkurset gir resultat. Det er også veldig kjekt når dei anbefaler meg norske filmar eg kan sjå, eller kjem med andre anbefalingar knytt til norsk kultur, smiler han.