HVL får 6,4 millionar til nye desentraliserte studietilbod
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) har gitt økonomisk støtte for at fakultet for økonomi og samfunnsvitskap og fakultet for helse og sosialvitskap skal opprette nye desentraliserte studietilbod.
HVL-prosjekta som får støtte er «Geilo 100+» og «Desentralisert vidareutdanning for helsepersonell». HK-dir deler ut totalt 150 millionar kroner til 17 universitet, høgskular og fagskular 150 millionar for at dei skal tilby desentraliserte og fleksible utdanningar innan mellom anna teknologi, digitalisering og sjukepleie.
Les meir om utdelinga av desse midla
100 studiepoeng på Geilo
Prosjektnamnet «Geilo 100+» spelar godt på innhaldet i det nye studietilbodet; dei framtidige studentane kan nemleg ta 100 studiepoeng på Geilo: 60 studiepoeng på bachelornivå og 40 studiepoeng på masternivå, samlingsbasert og på deltid. Prosjektet skal vare i fire år.
- Dette gjer vi for å bistå og skape gode ringverknader for Hallingdal-regionen. Målet er å auke formalkompetansen i befolkninga. Den er typisk lågare i rurale strøk i Norge då mange ikkje har utdanning utover vidaregåande skule, seier Tone Merete Brekke, prosjektleiar og leiar ved institutt for økonomi og administrasjon.
No når finansieringa er på plass, skal HVL bruke hausten på å etablere prosjektet og drive med rekruttering av studentane før studiestart i januar 2023. Det vil være plass til 20 studentar per semester. Studentane søker seg for eit emne på 15 studiepoeng om gongen. Undervisinga skjer samlingsbasert med nettstøtta aktivitet.
Geilo-bedrift ønskte samarbeid
Hallingdal-regionen har rundt 22.000 innbyggarar og har eit sterkt næringsliv med sesongbaserte og reiselivsfokuserte næringar. Satsingsområda er knytt til klima og miljø, infrastruktur, økt variasjon i næringslivet, attraktivitet og omdømme, og tenesteutvikling.
Det var Geilogruppen, ein regional hjørnesteinsverksemd i Hol kommune, som kontakta HVL i februar 2022 for å få til eit samarbeid om ei desentralisert utdanning.
- Geilogruppen hadde lagt merke til utdanningstilbodet vi hadde starta opp i Ryfylke. Dette er eit årsstudium i kommunikasjon og marknadsføring med samlingar i Tau, Sand og Sauda, og det er ein skreddarsydd pakke for å auke den digitale kompetansen, med fokus på digitalisering/omstilling og berekraft/lønnsomhet. Det vart ytra eit ønske om å få til det same i Hallingdal, med litt spesialtilpasning til deira region. Målet er at ei solid satsing på kompetansebygging innan digital kompetanse som vil gi regionen økt verdiskaping og attraktivitet, seier Brekke.
Utdanning der folk bur
Seinare har Hol kommune og Fagskolen i Viken blitt viktige partnarar. Prosjektet støttast også av regionrådet for Hallingdal, NHO Viken/Oslo og Viken fylkeskommune. Kontakten med eit eige utdanningssenter i Hallingdal, som no blir oppretta, vil også være viktig framover. Utdanningssenteret vil ha god innsikt i regionen sitt behov for utdanning og med ønske om å skaffe tilbydarar som løyse dette behovet.
Regionane Ryfylke og Hallingdal kan minne om kvarandre. Dei ligg i randsona til fleire utdanningsinstitusjonar for høgare utdanning, men har få tilbod sjølv noko som gjer at innbyggarane må flytte på seg eller reise for å studere.
- Kor startar og stoppar området til HVL? Eit slikt område er jo ikkje absolutt. Når vi først får ein slik invitasjon, er det innanfor fagområde som er vi er sterke og kan levere på. Dette er samarbeidspartnarar som har funne fram til oss sjølv og ser at vi har bidratt til regional utvikling tidlegare, seier prosjektleiaren og legg til:
- Vi ser også at fleire generelt no studerer på deltid, utanom jobb, og at dei ønsker seg fleksible opplegg. Folk ønsker også å studere der dei bur, seier Brekke.
Desentralisert vidareutdanning for helsepersonell
Prosjektleiar Maria Nordheim Alme fortel at det er fagseksjon global helse og rehabilitering ved HVL og senter for migrasjonshelse frå Bergen kommune, som står saman om prosjektet «Desentralisert vidareutdanning for helsepersonell» - som også fekk midlar frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) no i juli.
- Heile seksjonen er involvert i prosjektet og det er veldig kjekt og utviklande.
Ho fortel at målet for prosjektet er todelt:
1) Utvikle og gjennomføre fem desentraliserte, tverrfaglege vidareutdanningskurs for helsepersonell på fagskule-, bachelor- og masternivå.
2) Utvikle eit fleksibelt masterprogram ved seksjonen. Her legg vi opp til desentraliserte og sentraliserte kurs frå HVL og andre utdanningsinstitusjonar over ei fleksibel og lang tidsperiode. Metodekurs og masteroppgåve vil vere knytt til det eksisterande masterprogrammet ved fagseksjonen.
Prosjektleiar Maria Nordheim Alme står i spissen for «Desentralisert vidareutdanning for helsepersonell». Prosjektet spring ut frå fagseksjon global helse og rehabilitering ved institutt for helse og funksjon ved fakultet for helse- og sosialvitskap i HVL.
Alme seier at dei fem tverrfaglege vidareutdanningskursa er: migrasjon- og flyktninghelse, leiarskap innan rehabilitering, sunn aldring, velferdsteknologi, fokus på eldre – og kunstig intelligens i helsevesenet.
For heile Vestlandet
Kursa vil bli gjennomført som ein kombinasjon av digitalt opplegg og to lokale samlingar per kurs. Kursa vil bli tilpassa ulike nivå, på masternivå med eksamen (7,5 stp/kurs), eller utan eksamen på bachelor eller fagskulenivå.
- Ei slik tilpassing er ein viktig del av prosjektet og tilbodet til kommunane, og det betyr at heile kollegium i prinsippet kan ta desse kursa samtidig. Tverrfagleg samarbeid, fokus på likeverdige helsetenester og bygging av rike læringsmiljø er viktige grunnlag i alle kurs.
I løpet av prosjektperioden er planen å tilby kursa til fire kommunar i Vestland fylke. Målgruppe er helseprofesjonsarbeidarar i alle stillingstypar i vertskommunen og omkringliggande kommunar. Kvart kurs har 40 studieplassar.